2.klasse (sag09)  2 0 1 0/1 1  

SFO  |   1.klasse(sag10)  |     2.klasse(sag09)   |     3.klasse (sag08)    |     4.klasse(sag07)     |     5.klasse(sag06)     |     6.klasse(sag05)    |   7.klasse(sag04) Tilbakeblikk 

 
Matematikk Norsk         Tilbakeblikk
 

 

Kjekk matematikkdag for småskulen
Publisert: 31.mai 2011 kl 22.05

Tysdag 31.mai hadde småskulen matematikkdag. I år var det konstruksjon, måling og addisjon som var tema. Ein fin dag med stor aktivitet både ute og inne.
Fleire bilete

Tekst: Anne Brit Holm Foto: lærarane på småskulen

 

 


Norskgrupper i
2.klasse....

Publisert: 27.mai 2011 kl 13.55

...vart veldig engasjerande då alle fekk vera med på skjermen med kvar si mus. I Mouse Mischief kan alle elevane lesa oppgåver og trykka på rett svar på skjermen. I dag hadde me lagkonkurranse, og svaret vart ikkje registrert før alle på laget hadde trykt på det samme svaret. Konkurranseinstinktet er på plass :-)

Tekst & foto: Egil Petterteig



 

Comenius frå Birmingham
 
Me har hatt besøk av maskoten til Forestdale primary school i Birmingham, som er ein av skulane me samarbeidar med i comeniusprosjektet Families 'r us. Pandaen heiter Comenius og har fått vore med på ulike kvardagslege aktivitetar saman med elevane på Sagvåg skule. Denne veka reiser Anne Elisabeth, Gro og Jenny på comeniustur til Birmingham. Dette vert siste besøk i dette prosjektet, men me håpar å få vera med på fleire comeniusprosjekt i framtida! Dette har i alle fall vore veldig lærrerikt og kjekt :-)

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg 

Stas med kantinekos
Publisert: Måndag 16.mai kl 14.20

Denne veka har 2. klasse vore så heldige og fått med seg ein ekstra assistent. Sunniva Sol har vore hjelpsam og omsorgsfull og elevane har storkost seg saman med ho. Som kantineansvarleg på Sagvåg skule, overraska ho torsdag med fadrane sin kantinemat sidan dei ikkje var til stades denne veka. Elevane koste seg og synst det var stas å smøra maten sin sjølv :-)

Tusen takk, Sunniva!

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg 



 


Motorcross er stilig!

Publisert:
Onsdag 4.mai 2011 kl 13.00

2.klasse var i på motorcrossbanen i Hustredalen i dag, og Daniel hadde Show for oss med sykkelen sin. Han var veldig flink, og me synest det såg veldig kjekt ut. Me fekk høyra litt om korleis og kor mykje dei trenar, og fekk vita at det går an å koma og prøva om ettermiddagen når dei trenar. Mange kjem nok til å masa litt heime rundt middagsborda i dag ;-) Film>>

Tekst: Egil Petterteig Foto Egil Petterteig & Linda Sagvåg

 
 
 
 


Fint handarbeid
Publisert:  Torsdag 17.februar 2011 kl 11.00

Alle elevane i 2.klasse broderer dukar i Kunst & handverk. Dei jobbar godt og dukane vert fine!

 

Tekst & foto: Jenny Skjønberg

Meir vinter
Publisert:  Onsdag
16.februar 2011 kl 18.00

Så var vinteren her igjen, og når 1. og 2.klasse hadde uteskule siste halvdel av dagen i dag, kunne me igjen leika i snøen. Men først måtte dei gjennom ei lita orienteringsløype, med oppgåver der dei skulle stokka bokstavar rett for å finna stadnamn på Stord. Dette klarte dei med glans, så det vart god tid til leik og

Tekst: Egil Petterteig Foto: Kristine Wiersen



 

2.kl til biblioteket på Litlabø
Publisert:  Torsdag 3.februar 2011 kl 10.55

Småskulen var på biblioteket på onsdag, og her ser de nokre bilder frå 2.klasse si koselege stund i Samfunnshuset. Kari Bolette fortalte eventyr, og elevane var flinke å høyra. Tydeleg at dei levde seg godt inn i  forteljinga. Etterpå fekk me sjå i, og låna bøker. Mange fekk med seg heim noko kjekt lesestoff denne dagen.

Tekst & foto: Egil Petterteig.



 

Orientering med 1. og 2. klasse
Publisert: Onsdag  26. januar 2011 kl 14.50

Me var ute og teste kartkunnskapane våre i dag. 2. har hatt om kart, og første har hatt om årstidene. Me hadde stjerneorientering, med oppgåver om årstidene på postane. Elevane var flinke og ivrige, og belønninga var nykokte nudlar frå bålet, noko som fall i smak hos dei fleste.



 

  1. og 2. klasse på tur.
Publisert: Torsdag 20.januar 2011 kl 14.50

Onsdag var det endeleg så bra føre at me våga oss ut på tur. Denne gongen var det leik, bålbrenning og lappekakesteiking/eting som var dei viktigaste aktivitetane. Me var på parkeringsplassen der stien opp til Utslettefjellet startar.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig



 


Konstruktiv leiketid i 1. og 2.klasse
Publisert: Fredag 7
.januar 2011 kl 14.20

Det var mykje bygging med ulike materialar under leiketida vår i dag. Techno, lego og flate klossar er populært og kjekt :-)
 

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

 

Matematikk med flate klossar
Publisert: Fredag 7.januar 2011 kl 14.20

Elevane i 2.klasse hadde på arbeidsprogrammet sitt på torsdag at dei skulle laga ein figur av eit visst antal tre- fire- og femkantar. Her kan du sjå noko av det flotte dei laga.
 

Tekst & foto: Egil Petterteig

 



 

Jul på museet
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 20.45

2. klasse har vore på museet og lært om korleis dei feira jul i gamledagar. Johanne Øvstebø Tvedten fortalde litt, og så fekk me vera tauser og drengar som vaska golv, hogde ved, bar vatn, baka og vaska klede. Etterpå laga me honninglys, leika at me fiska juletorsken, vaska oss i trestamp og gav graut til fjøsnissen. Til slutt vart me samla i Futastovo, der me fekk høyra korleis dei hadde det på julekvelden. Me hadde ein kjekk og lærerik dag.

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


       

 

Bålkos
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 20.45

Lærarane på småskulen overraska elevane med bål og varm solbærsaft i dag tidleg. Me hadde ei koseleg stund med julesong og leik i skogen.
 

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


       

Bake- og graut dag i 2.klasse
Publisert: Torsdag 9.desember 2010 kl 12.30

I dag har 2.klasse baka peparkaker, og etterpå kom fadrane våre og åt graut med oss. Både grauten og peparkakene var gode, og fadrane er jammen gode dei og :-)Etter pause var det slutt på moroa, for då var det matteprøve og norskarbeid ;-)
2.kl

Tekst & foto: Egil Petterteig

 


Musikarar i 2.klasse
Publisert: Torsdag 9.desember 2010 kl 12.30

I adventskalenderen til 2.klasse stod det i dag at me skulle på musikkrommet, og alle skulle få spela instrument. Dermed var det berre å setja i gang for full musikk. Songen var Bjelleklang, og alle elevane klarte instrumentoppgåvene sine med glans, så det vart retteleg flott :-)
 

Tekst & foto: Egil Petterteig

 


 
 
Huskonsert
Publisert: Torsdag 25.november 2010 kl 22.20

I dag var siste dagen musikkstudentane våre var her. Det markerte me med huskonsert der elevane i 2,5, og 6.klasse fekk visa litt av det dei har jobba med. Etterpå viste studentane litt av det dei driv med innan sang og musikk på Høgskulen.  Dei kompa oss og på fellessongane. Veldig kjekt med ekte musikk. Takk til studentane for kjekke veker!

Tekst & foto: Egil Petterteig


 

2. og 7.klasse i kunst og handverk
Publisert: Torsdag 4.november 2010 kl 16.00

2. klasse hadde ei kjekk stund saman med fadrane sine i dag. Medan halvparten spela spel i 7. klasse sin base, var resten på K&H og laga fine ting som me skal selja på open dag. Elevane er flinke til å hjelpa kvarandre og det er tydeleg at dei set pris på å få vera saman. Me gler oss til neste gong :-) 

Tekst og foto: Jenny Skjønberg

 


 

Haustsamling
Publisert: Fredag 8.oktober 2010 kl 20:30

I dag har småskulen hatt ei fin samling i amfiet. Me har leseveker på skulen og temaet for samlinga var bøker. 4.klasse framførte sjølvlaga dikt og bokmeldingar, og dei andre klassane tok del med vakker song og diktlesing.
 

Tekst: Anne Brit   Foto: Liljan og Elisabeth


Leselyst
Publisert: Onsdag 6.oktober 2010 kl 20:15

2. klasse har fast tid på skulebiblioteket kvar tysdag. Då låner elevane seg ei bok som dei skal ha i hylla si, i tillegg til at dei har høve til å låna med seg bøker heim. Det er mykje spennande både å lesa og sjå i, og det er kjekt å sjå kor elevane kosar seg med bøkene :-)

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


 

 

Boklån og utedag II
Publisert: Onsdag 29.september 2010 kl 14:05

2. klasse har vore på tur heile dagen i dag. Først gjekk me til biblioteket på Litlabø, der me fekk høyra ei spennande historie og sjå i mange kjekke bøker. Etterpå hadde me mat og fotball med oss opp på Solid-banen, der me koste oss resten av dagen i det fine vêret :-)
PS! På veg frå skulen i dag tidleg sto det ein flott hjort i skogen og såg på oss.

2.kl

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


Bamsen Gero
Publisert: Fredag 17.september 2010 kl 15:30

I dag fekk Comenius-bamsen, Gero, vera med på 1. og 2. klasse si leikestund. Det var stas!

Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg

 


 

Korleis vart dei så våte? Sjå filmen!
Publisert: Onsdag 15.september 2010 kl 18:00

1. og 2. klasse hadde seg ein liten trimtur i dag. Då sprang eller gjekk dei ned til tunnelen og opp att til skulen, der me brende bål. Me kosa oss med pinnebrød rundt bålet, og etterpå leika me både i skogen og i dei store sølepyttane.

Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg



 

Tal og lesing i 2.klasse

I dag har me vore ute og funne blad, kongler og kvistar som me har telt, sortert og laga tal av. Etter ein velfortent pause gjekk me inn for å jobba i leseboka vår. Ein kjekk og ivrig gjeng :-)

Tekst & foto: Egil Petterteig

 



 

Småskulen var også på tur
Publisert: Onsdag 1.september 2010 kl 19:00

Medan storskuleelevane var på skogstur var småskuleelevane ved stranda

Tekst: Lars Bakka
Foto: Lærarane på småskulesteget



 

 
 

1. og 2. klasse på tur i "øs pøs"
Publisert: Onsdag 25.august 2010 kl 15:10

I dag gjekk me ein liten tur ned i skogen ved sykkelstien. Elevane likar seg svært godt her, særleg når det er mykje vatn i bekken. Dei fleste hadde heldigvis gode regnklede på seg, men det vart likevel mange våte bein. På slike dagar er det lurt å ha rikeleg med bytteklede i hylla si ;-)

Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg


  

Musehappening
Publisert:
Måndag 23.august 2010 kl 18:00

2.klasse fekk i dag som dei første i Stord prøva "Mouse Mischief", der alle fekk vera aktive på samme skjermen samtidig, men kvar si trådlause mus. Litt kaotisk, men ganske kjekt, når 20 musepeikarar leita samtidig etter dei rette svara på oppgåvene. Elevane var svært aktive, og når me får lært oss denne måten å jobba på, kan det vera ein kjekk avveksling til "vanleg" tavleundervisning.

Tekst: Egil Petterteig
Foto Jenny Sætre Skjønberg

 


Haustens fyrste leikestund
Publisert:
Måndag 23.august 2010 kl 18:00

Fredag hadde elevane i 1. og 2. klasse ei kjekk leikestund på slutten av dagen. Dette har vorte ein fast fredagstradisjon som me vel å følgja også dette året :-)
Sjå fleire bilete på nettsida vår

Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg