| 2.klasse (sag08) 2 0 0 9/10 | |
|
SFO | 1.klasse(sag09) | 2.klasse(sag08) | 3.klasse (sag07) | 4.klasse(sag06) | 5.klasse(sag05) | 6.klasse(sag04) | 7.klasse(sag03) | Tilbakeblikk |
|
|
Matematikk
Norsk![]() |
|
|
"Eg er ein glad og vill
ballong!" I 2.klasse har me lenge øvd på ein song om ballongar. I dag fekk elevane prøva å syngja og dansa med ekte ballongar. Det var jammen kjekt! Tekst & foto: Ann Karin Ystevik
|
|
|
I dag var heile småskulen på tur til Storavatnet. Nokon gjekk på skeiser medan andre gjekk på ski. Sola skinte og både ungar og vaksne storkoste seg. Fleire bilete>> Tekst & Foto: Ann Karin Ystevik |
|
|
Siste timen i dag hadde elevane i 1. og 2.klasse leikeval. Sjølv om det var kaldt, var det fleire elevar som ville vera ute. Nokon akte medan andre leika i snøen. Alle såg ut til å ha det kjekt! Tekst & foto: Ann Karin Ystevik |
|
|
Publisert: Fredag 11.desember kl 13:30 I dag inviterte 2.klasse fadrane på graut og saft. I grauten gøymde det seg og tre mandlar, som kanskje gjorde grauten ekstra god. Dei tre heldige fekk ein sjokoladenisse kvar. Etter måltidet leika alle saman, ute eller inne. Me hadde det veldig koselig og takkar for besøket. Tekst & foto: Ann Karin Ystevik |
|
![]() |
|
|
Tidlegare i haust
hadde Jacob fri frå skulen for å vera med familien til Singapor og
Malaisia. Tusen takk for besøket! Tekst og foto: Kari Almås |
|
|
Klokka halv ni møtte alle elevane til adventsamling i amfiet. I dag var det elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for samlinga og det vart ein fin samling med mange flinke elevar på scenen. Du finn fleire bilete her>> Tekst og foto: Lars Bakka |
|
|
Torsdag 3. Desember var 2. Klasse på museet. Der var temaet ”Jul i gamle dagar” Elevane var med på alt arbeidet som måtte gjerast på eit småbruk før jul. Dei baka flatbrød, vaska klede, bar vatn og hogg ved. Golva måtte skurast og juletorsken måtte fiskast. Julegåvene vart strikka og lysa laga. Så måtte me i fjøset og sjå etter dyra. Der møtte me den gamle gardsnissen. Han var litt redd oss. Takk til foreldra som køyrde oss til Leirvik. Tekst og foto: Kari Almås |
|
![]() Til Raugaløo Publisert: Torsdag 5.november kl 17:00 Heile småskulen var i dag på tur i lag. Me gjekk ikkje så langt, berre til parkeringsplassen ved Raugaløo, men me hadde det kjekt likevel. Alle hadde med ved, så me hadde bål og steikte pinnabrød. Ellers leika me 30-leiken, og fann på mykje anna kjekt. Litt kaldt var det, men det gjorde ingenting. Tekst & foto : Egil Petterteig |
|
![]()
Open skule 12.november 2. klasse er i ivrig arbeid for å lage ting som dei skal selje på open dag den 12. november. Tekst & foto: Kari Almås |
|
![]() Leikeapparat -premiere! Publisert: Onsdag 21.oktober kl 11:15 I dag var fyrste dagen elevane fekk lov til å ta i bruk nokre av dei nye leikeapparata.2.klasse var fyrst ute i dag, og entusiasmen var stor! Det var tydeleg at dette var etterlengta, og alle stod fint og venta på tur. Både rutsjebanen og "fuglareiret" falt i smak. Her er også ein liten film>> Tekst & foto: Ann Karin Ystevik |
|
![]() |
|
![]() Kongen og Harlekin Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15 Småskulen har hatt ei kjempeflott konsert/teateroppleving i dag. Det var Ingrid Eriksen Hagen på Cembalo, og Tore Kloster og Olav Veierød på song. Det var veldig kjekt å sjå på når Harlekin prøvde å få tak i gullfløyta til kongen. Musikarane var veldig flinke å få elevane med seg, og dei var veldig glade for at me hadde øvd så godt på den songen me skulle synga i lag. Fleire bilete>> Tekst & foto: Egil Petterteig |
|
![]()
Uteleik i finaveret
Publisert: Onsdag 14.oktober kl 18:30
I dag var 1. og 2. klasse ute siste del av
dagen. Me gjekk ned i skogen ved handballbanen og brende bål, smidde,
leika 'Jul i Blåfjell', laga bruer og demningar. Me hadde ei kjekk stund
i haustsola :-)
Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg |
|
Strikkmotor Publisert: Fredag 2.oktober kl 15:30 I dag har 2. klasse vore på formingssalen og laga båtar med strikkmotor. Båtane vart pussa og dei fekk rekkverk, før motoren vart sett på. Prøvekøyringa var spennande. Med to strikk gjekk båten ekstra fort. Me hadde god hjelp av studentane som har vore med oss i tre veker no Tekst og foto: Kari Almås |
|
|
|
![]() Haustsamling i Amfiet for 1.-4.klasse Publisert: Torsdag 1.oktober kl 12:55 I dag har elevane på småskulen hatt framføring av songar, dans og dikt som dei har øvd på dei siste vekene. Det var ei kjekk samling. Elevane viste seg frå si beste side både når dei sjølv opptredde og ikkje minst var dei eit fantastisk publikum. Fleire bilete>>
Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig & Kari Almås
|
|
På
turPublisert: Tysdag 15.september kl 18:40 2.klasse og 7.klasse var på tur til utslettefjellet. Me grilla pølser og koste oss. Det var ein fin tur sjølv om me fekk litt duskregn på oss. Tekst og foto: Ann Karin Ystevik |
|
|
|
Leike-stund
Kvar fredag sluttar 1. og 2. klasse av veka med ei leikestund. Då har elevane fleire ting å velja mellom både inne og ute. Desse bileta er frå sist fredag då mange leika inne. Tekst og foto: Kari Almås |
|
|
|
![]()
2. og 7.klasse I dag har elevane i 2. klasse fått vore saman med fadrane sine. Dei har spelt spel og leika saman. Fleire bilete på sidene til 2.klasse>> og 7.klasse>> Tekst og foto: Kari Almås |
|
|
|
1.klasse på Fronter
Det var kjekt å få låna bøker. No er me i 2. klasse og likar å lesa. Fleire bilete>> Tekst og foto: Kari Almås |