|
Sjå tilbake |
|
|
|
|
|
1. å
r s s
t e g
(sag07)
2 0 0 7/0 8 |
|
![]() Vatn er gøy! Publisert: 05.06.08 kl 15:00 I dag har 1.steget hatt ulike aktivitetar med vatn. Kan ein ispinne flyta? Me har testa ut kva ting som flyt og kva som søkk til botn. I det fine veret har me også leika med vatnet. Me bygde ein stor "vatnbane" som båtane våre kunne få køyra i. Mange av oss vart litt våte... men me tørka snart i varmen! Tekst og foto: Anne Brit Holm og Gro A. Halvorsen |
|
I dag har 1. og 6. steget vore på tur til utslettefjellet. Alle var ivrige etter å koma seg til topps og det gjekk fort oppover bakkane. På toppen skreiv me oss inn i boka, me koste oss med nista og me fekk tid til å leika saman. Både små og store hadde ein kjekk tur i fin sommartemperatur. Tekst: Anne Brit Holm Foto: Anne Brit Holm og Gro A. Halvorsen. |
![]() Forsøk med vatn Publisert: 26.05.08 kl 15:20 1 steget var ute og gjorde undersøkingar med vatn. Dei prøvde å finna ut kva ting som flyt og kva ting som søkk. Det var eit kjekt forsøk i det fine veret.
Tekst & foto: Gro A. Halvorsen |
|
Eigentleg er dei nye gitarane kjøpt inn til elevane i storskulen, men fredag fekk også elevane på 1.steget prøva seg som gitaristar. Dei fekk prøva å spela med ei hand og dei var svært ivrige! Leksjon to kjem neste fredag! Tekst & foto: Lars Bakka |
![]() Samling på småskulesteget Publisert: 15.mai 2008 kl 09:30 I dag har småskulesteget hatt samling i amfiet. Temaet denne gongen var Vår og 17.mai. Elevane song og las. Det er kjekt å sjå kor flinke elevar me har. Fleire bilete>> Tekst: Brita Flatøy Bilete: Aasne Vikanes/Brita Flatøy
|
![]() Samling på småskulesteget Publisert: 17.april 2008 kl 14:10 Torsdag 16. april hadde småskulesteget samling i amfiet. Me song songar av Astrid Lindgren. Dei ulike årsstega hadde øvd inn songar som dei framførte, og me song nokre fellessongar. Elevane var flinke, og me hadde ei kjekk stund! Fleire bilete>>
Tekst & foto: Aasne H. Vikanes |
![]()
Vaffelsteiking, leik og lesing 1.steget hat nytta det fine veret godt. Me har vore ute og steikt vaflar, leika og lese i leseboka vår. Fleire bilete>> Tekst : Gro A. Halvorsen Foto: Liljan Vestbøstad Waage
|
![]() Mange kjekke leikeplassar Publisert: 9.april 2008 kl 15:30 1.steget har vore på rundtur heime og sett kor elevane bur. Dei næraste vekene kjem me til å vitja alle heimane til elevane. Me kom til mange kjekke leikeplassar. Bileta frå turane vert samla på nettsida vår>> Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen
![]()
|
![]() Eventyr på 1.steget Publisert: 10.mars 2008 kl 14:30 Fyrste steget har dei siste vekene jobba med eventyr. Dei har laga dukketeater og figurar som høyrer til Bukkene Bruse, noko som har vert morosamt arbeid. I dag var det tid for framsyning av teateret. Dette lika alle godt. Tekst & foto: Harald Heien (student)
![]()
![]()
|
![]() Påskevandring Publisert: 4.mars 2008 kl 15:10 Marit tok i mot oss og tok oss med rundt i kyrkja på ulike stasjonar. Me fekk vifta med palmegreiner, sløkka og tenna lys, pynta bord og vaska føtene våre. Alle fekk smaka på eit ualminneleg godt brød og resten av dette brødet fekk me med oss til skulen. Me hadde lært oss nokre nye songar som me hadde øvd på og desse song me i kyrkja. Det var ei veldig kjekk samling. Tekst & foto: Gro A. Halvorsen |
![]() |
|
Skal me leika saman du og eg? Publisert: 30.januar 2008 kl 09:00
Siste del av onsdag leika 1. og 2.steget ute. I regn og hagl hoppa me tau, fann på spanande ting i skogen og spelte fotball i ballbingen. Me hadde ei fin stund i det kalde januarveret.
Tekst og foto: Anne Brit Holm
|
| Norkre bilete frå 1.steget i arbeid januar 2008 |
| Norkre bilete frå 1.steget 24.januar 2008 |
|
Første og 6. steget hadde ei koseleg stund rundt bålet i dag. Dei fekk god graut og saft. Etterpå var det leik i skogen og ballspel i ballbingen. Det var litt kaldt, så det var godt å kunna varma seg litt ved bålet når det blei kaldt. Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Luciadagen
Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
|
Endeleg ein onsdag med fint ver. 1. og 2.steget koste seg ute i finveret. Først tok me oss ein rask trimtur. Etterpå var me oppe i trimløypa vår og brende bål og steikte pinnebrød. Foto: Anne Brit Holm Tekst: Brita Flatøy
|
|
Tenn lys! To lys skal skina.... I dag var heile skulen samla til ei fin adventstund
i amfiet. Denne gongen var det 1. og 6. steget som hadde ansvaret.
Tekst: Anne Brit Holm Foto: Aasne H. Vikanes og Kjell Byrknes
|
|
Me har det gøy ute! Publisert: 14.november 2007 kl 14:15
I dag har 1. og 2. steget vore ute i det flotte vinterveret. Me byrja med to raske rundar i løypa og fekk trimma oss skikkeleg. Etterpå var det tid for leik i skogen. Nokre klatra i Tarzan-løypa og andre bygde hytte. Nokre jenter på 2.steget meinte at gøymsel var perfekt i skogen. Me såg mange fine raude roser i kinna på elevane då skuledagen var over. Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage |
Flott
konsertPublisert: 14.november 2007 kl 13:40 I dag, onsdag, har
småskulesteget hatt konsert med musikarane Magnus Blom, Grethe
Hylland og Werner Bryn. Tekst & foto: Kari Almås
|
BrødfantenPublisert: 6.november 2007 kl 12:20
1 steg på Litlabø og Sagvåg skular har hatt besøk av Irene Simonsen og Elin Sofie Lotsberg. Me fekk sjå forestillinga Brødfanten og andre skabelonar. Det var ei kjekk stund for alle. Tekst & foto: Gro A. Halvorsen
|
|
Stasjonar
på 1. og 2.steget Publisert: 31.oktober 2007 kl 15:40
1 og 2 steget har vanlegvis turdag på onsdagen, men grunna veldig dårleg ver, valgte me å vera inne. Me laga tre stasjonar, det alle tre gruppene skulle innom kvar stasjon. Den eie stasjonen hadde dans og songleikar i musikkrommet, ei gruppa fekk fortalt eventyr i Dåvamyro og den siste gruppa hadde bingo i 2 steget sin base. Etter aktivitetane fekk elevane servert tomatsuppa i fellesarealet for 1 og 2 steget. Då alle elevane var forsynte med suppa, fekk dei
ein premie for god innsats. Både i bingo, leik/dans og eventyr. Det
verka som om alle elevane var fornøyde med dagen. Helsing studentane i fyrste steget. |
Sosial
samlingPublisert: 26.oktober 2007 kl 14:00 Elevane på 4. steget hadde i dag ansvaret for den sosiale samlinga i amfiet. Daniel og Simona var flinke programleiarar, og temaet denne gongen var Venner. Elevane hadde mange fine innslag med både song, dikt og dans! Fleire bilete her>> Tekst: Jenny Sætre Skjønbergfoto: Liljan Vestbøstad Waage |
|
Har du høyrt om Tigli? Publisert: 24.oktober 2007 kl 16:30
Me er inne i "Leselystprosjektet", og 6. steget har øvd ei veke i forkant for å lesa høgt til fadderborna sine. "Eg skjelv i beina" var ein av kommentarane frå 6. steget før dei gjekk i gang med lesinga, men det gjekk kjempefint! Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket |
|
1.steget på tur. 25.oktober 2007
Tekst: Anne Brit Holm Foto:Anne Brit og Gro |
|
Grønsaksuppe 1 steget var på kjøkenet og laga grønsaksuppe på måndag. Dei var flinke å kutta opp grønsaker og mest alle syntes at suppa var god ! Tekst & foto: Gro A. Halvorsen |
|
Musikk på første
steget Den første timen om fredagen har 1.steget musikk saman med rektor
og Queensway. Sjølv om det nok er rektor som er flinkast til å spela
gitar så er det Queensway som er mest populær. I dag hadde me først
songstund i heimebasen, så var det songleik med Bro-bro-brille i
musikkrommet, og heilt til slutt fekk me sjå danseshow med 6.steget
i gymsalen. Tekst: : Lars Bakka Foto: Liljan Vestbøstad Waage
|
|
1. og 2.steget
på tur
I dag har 1. og 2. steget vore på tur. I sol og regn laga me bål og steikte pinnebrød. Det smakte godt. Etterpå leika me litt i skogen, hadde songleikar og nokre plukka bjørnebær. På turen hadde me med oss studentar som hadde observasjonspraksis hos oss i dag. Me gler oss til dei kjem tilbake i oktober. Tekst: Anne Brit Holm Foto: Laila Magnussen |
|
1. og
6.steget 11.september
I dag var det 1. og 6.steget som hadde det kjekt ilag. Elevane på .steget er fadrar for elevane på 1. Tekst & foto: Toril S. Bruket
|
|
Stor aktivitet
på 1.steget
1 steget har funne seg godt til rette på skulen no. Her er nokre bilete frå det me heldt på med på måndag. Me var på kunst og handtverksalen og snikkera, dei som hadde snikra før leika med Lego og indianarar. Etterpå åt me nista vår på på "kafe" nede. Då var det godt å komma ut. Å laga bokstaven O med eigen kropp var lett. Me avslutta med norskgrupper. Tekst & foto: Gro A. Halvorsen |
|
Val 07
På 2.steget arbeider me med demokrati og val. Alle fekk stemma i dag. Tekst & foto: Brita Flatøy |
|
1.+6.steget= SANT! Elevane på 6.steget har vore samane med "fadderungane" dvs. elevane på 1.steget. Dei kosa eg saman, både i og utanfor sandkassen. Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
Ut på tur I dag har 1. og 2. steget vore på tur i det flotte sommarveret. Me åt nista vår, leika saman og me plukka mykje blåbær. Me hadde ein fin tur og vart betre kjende med kvarandre. Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage |
|
Førskuledagar Publisert: 25.05.07
Torsdag og fredag har det vore førskuledagar for elevane som tek til på 1.steget hausten 2007 (sag07). I dag fekk den nye elevane også møta fadrane frå 5.steget. Tekst & foto: Lars Bakka |
|
1.årssteget 2007/08!
Publisert: 15.03.07 kl 14:30
Torsdag var me på 1. årssteget så heldige å få besøk av dei som skal byrja på skulen til hausten. Etter at dei hadde snakka litt med rektor og Queensway i amfiet, kom dei inn og hadde ei leikestund saman med oss. Me gler oss til å verta betre kjende! Fleire bilete her>> Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg |