1.klasse (sag11)  2 0 1 1/1 2  

SFO  |   1.klasse(sag11)  |     2.klasse(sag10)   |     3.klasse (sag09)    |     4.klasse(sag08)     |     5.klasse(sag07)     |     6.klasse(sag06)    |   7.klasse(sag05) Tilbakeblikk 

 Fagsider:

       Tilbakeblikk

 


 

1.klasse i skulebiblioteket
Torsdag 16.februar 2012

Det var 1.klasse som nytta skulebiblioteket før matpausen i dag. Nokre elevar las høgt for læraren, medan andre sat rundt om og las for seg sjølv.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Leselyst
Fredag 27.januar 2012

Elevane frå 6.klasse las for 1. klasse. Dei minste lytta ivrig. Dei eldste gjorde ein kjempegod lesejobb. Lesestunda vart avslutta med eplekake som me baka saman i haust. Det vart også tid til litt teikning og speling.

Tekst & foto: Lars Bakka

        
 
 
Kjekk avslutning på BlimE-veka
Fredag 20.januar 2012

"Vil du BlimE meg og spela eit spel på fredag?" stod det på korta som elevane i 3. og 4. klasse hadde laga til kvar einskild i 1. og 2. klasse. Dei ville komma, og me hadde ei fin stund saman på slutten av dagen i dag. Me spelte spel, både brettspel og BlimE-spela som ligg på nrksuper.no. Nokre av elevane ville teikna eller vera ute og leika. På slutten koste me oss med fruktsalat, som nokre av elevane hadde laga. Det var fleire som synst dei hadde vorte betre kjende med nokon dei ikkje kjende så godt tidlegare, så oppdraget for veka er absolutt godkjent :-)

 

Tekst Jenny Sætre Skjønberg Foto: Gro A Halvorsen

 



Ut på tur, aldri sur!
Onsdag 18.januar 2012

BlimE oss på onsdagsturen vår sa 1. og 2. klasse til 3. og 4. klasse . Veret var dårleg, men elevane steikte pinnebrød og var i godt humør.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

 
 

Endeleg ein onsdag utan regn !
Onsdag 11.januar 2012

1 og 2 klasse var som vanleg om ute. Denne gongen steikte me fiskekaker på grua og alle leika i nærområdet til skulen :)
 

Tekst & foto: Gro A Halvorsen 

 

 

Tradisjonell Luciafeiring !
Fredag 9.desember 2011

Stor stas når fint pynta 1. klassingar gjekk på besøk til alle og song Lucia-songen og serverte pepperkaker. Ikkje mindre stas då dei fekk vera med verdas beste fadrar og eta graut :)
 

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

 

 

 

Utegym og julebakst !
Torsdag 8.desember 2011

No nærmar det seg jul og 1 klassingane har mykje kjekt å halda på med
Å vera ute å aka i gymnastikktimen er superkjekt, nokre likte å få god fart på akebrettet, andre lika betre å leika i snøen. Alle var aktive og i godt humør. Det var heller ingenting å seia på innsatsen når dei baka peparnøtter. Ivrige ungar som samarbeida godt. Det var populært å få ein smaksprøve + ein liten pose til å ta med heim.

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

 

 
Ein vanleg dag i 1.klasse
Torsdag 10.oktober 2011

1.klasse har fått nytt fotoapparat, så no har me testa det på ein vanleg torsdag.I første time hadde me RLE og snakka om Hinduisme og høyrde på forteljinga om Ganesha og den brukte støttanna. Så var det norsk med gjennomgong av leselekse + bibliotek.
Etter mat vart det ei god leikestund ute i det fine veret, før me avslutta med gymnastikk og engelsk :)

Tekst og foto: Gro A Halvorsen

             

 

 

Foreldrenettverk i barneskulen
Fredag 27.oktober 2011

Årets 1.klasse er med på eit samarbeid som heiter foreldrenettverk i barneskulen. Erfaring få andre kommunar syner at det å starta eit slikt nettverk er eit godt helsefremjande tiltak. Klassen har fått tildelt pengar som skal nyttast til å gjera foreldre og elevar betre kjende. På torsdagskvelden var det sosial samling i Amfiet og gymnastikksalen. Ein nytta høvet til å bestemma tema på neste samling som vert i mars og skal dreia seg om familien. Små og store fekk servert pizza, sjokoladekake, brus og kaffi. Det var god stemning og mange blide elevar og foreldre. Eit godt høve for små og store til å bli godt kjende med kvarandre.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

 

Leselystaksjonen i gang!
Tysdag 18.oktober 2011

I dag starta leselystaksjonen i småskulen. Me hadde besøk av Kristine Thorkildsen frå biblioteket, som leste frå og fortalde oss om mange ulike bøker. Dei neste tre vekene skal me ha mange aktivitetar med litteratur i fokus. Nokre gonger skal me skal jobba i grupper, og me skal lesa mykje.
Fleire bilete

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

 

Haustsamling i småskulen
Torsdag 6.oktober 2011

I dag var det song, spel og diktlesing i Amfiet. Mange flinke elevar frå 1. til 4. klasse opptredde med sjarmerande og flotte innslag, der temaet "Haust" stod i fokus.

Tekst & foto: Toril S Bruket

 

Fantastisk rikskonsert!
Onsdag 28.september 2011

I dag har småskulen vore på ein fantastisk konsert i amfiet. "Lektor Bjerkes orkester" spelte og song kjekke songar på både vanlege og uvanlege instrument ...:)
Fleire bilete

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage

 

 

Eplekake
Tysdag 27.september 2011

6. kl. og 1.kl. arbeida saman heile dagen. Me hadde 4 stasjonar som alle var på etter tur. Me laga eplekake, spelte spel, leika og var på norskstasjon.

Tekst & bilete: Anne Elisabeth Trevland

 
Song og dans
Måndag 19.september 2011

Gode rytmar og fin musikk i amfiet då 6. klasse og 1. klasse spelte, dansa og song samba saman.
Fleire bilete på sidene til 1.klasse og 6.klasse

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

   

På tur i vårt eige uteområde :-)
Onsdag 14.september 2011

Me har eit flott område rundt skulen vår. I dag har 1. og 2.klasse vore på skuleplassen og i skogen rundt skulen i staden for å gå på tur. Vekeoppdraget frå rektor er at alle må vita kor skulegrensene er og halda seg innafor dei. Derfor gjekk me tur rundt skulen for å syna kvar me har lov til å gå. Etterpå kokte me nudlar på gruva ved handballbanen og leika. Ingen tvil om at det var vellukka.
 

Tekst og foto: Gro A Halvorsen & Brita Flatøy

 

 
 

1.-og 2.klasse leika saman
Fredag 9.september 2011

I dag har 1. og 2.klasse hatt leikegrupper. Dette er ein fin måte å bli kjende med kvarandre på. Her er nokre bilete frå leikestunda.

Tekst & foto: Brita Flatøy

 


 

Film & foto i 1.klasse
Onsdag 7.september 2011

Onsdag fram til matpausen var rektor med og filma og fotograferte i 1.klasse. Elevane arbeidde på stasjonar. Bileta og filmen vert brukt intern i arbeidet vårt med vurderinga av undervisninga. Bileta som vart tekne finn du på nettsida til 1.klasse. Filmen vil elevane få sjå seinare
Fleire bilete

Tekst & foto: Lars Bakka

 


     

 
 Naturfag i 1.klasse
  Tysdag 23.august 2011

1.klasse har hatt sin første naturfagtime. Då var me ute og såg etter småkryp i naturen. Me fann mest maur ,men det var biller, edderkopp og humle og. Det var mange ivrige forskarspirer som fann mykje spanande ein kunne sjå nærare på.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

 
 

 

 Dans og drama i 1. og 7.
  Måndag 22.august 2011

I dag har 1. klasse vore på besøk hos dei største elevane på skulen. 7. klasse framførte eit par songar. 1. klasse fekk prøva rytmeinstrument, rørsle til musikk og dansa. Me har også øvd på å gå stille i gongane.

Tekst & foto: Åshild Giving

 

Første skuledag
Onsdag 17.august 2011

Ordførar Liv Kari Eskeland og kontaktlærar Gro A. Halvorsen tok høgtideleg imot elevane som tek til i 1.klasse ved Sagvåg skule i dag. Det vart ein fin start på det nye skuleåret med strålande sol og flagget til topps.

Her finn du fleire bilete frå den første skuledagen.

 

Førskuledag for 1.klasse 2011/12
Publisert: 8.juni 2011 kl 17.45

Endeleg kom dagen store barnehageungar og fadrar har venta så lenge på

 Stor stas å få møta fadrane og få jobba i dei flotte bøkene fadrane hadde laga.

Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Gro A Halvorsen & Lars Bakka



 

Barnehagebesøk
Publisert: Torsdag 17
.mars 2011 kl 11.45

Tysdag hadde me besøk av Nysæter barnehage og Sagvåg maritime barnehage. Også det borna som skal byrja i 1.klasse hos oss hausten 211 vare med.
Det ser ut til at 5-åringane kosa seg med skule og leikestund.