|
SFO | 1.klasse(sag10) | 2.klasse(sag09) | 3.klasse (sag08) | 4.klasse(sag07) | 5.klasse(sag06) | 6.klasse(sag05) | 7.klasse(sag04) | Tilbakeblikk |
|
|
Siste
dag i 1.klassePublisert: Tysdag 21.juni 2011 kl 14.30 Heldigvis fekk me tid til å kosa oss siste dagen i 1.klasse. Her ser de bilete frå då me åt chips og drakk brus på tysdag.
Tekst: Brita Flatøy Foto: Kristine Wiersen
|
|
Kjekk matematikkdag for
småskulen
Tysdag 31.mai hadde småskulen
matematikkdag. I år var det konstruksjon, måling og addisjon som var tema.
Ein fin dag med stor aktivitet både ute og inne. Tekst: Anne Brit Holm Foto: lærarane på småskulen
|
|
I gymtimen i
dag var elevane i 1.klasse med rektor og kontrollerte klatreløypa i
skogen. Me fjerna ein stein, elles såg taua og underlaget fint ut. Tekst: Lars Bakka Foto:Elin Macsik |
![]() |
![]() Vårsamling for 1.-4.klasse Fredag samla alle elevane i småskulen seg i amfiet for å syngja og lesa dikt. Det var mykje fint å høyra. 1.klasse hadde ansvar for samlinga, og det klarte dei godt.
Tekst: Brita Flatøy Foto: Signhild Dyngen |
Tur
både måndag og onsdagPublisert: Torsdag 5.mai 2011 kl 17.00 Denne veka har førsteklassingane vore ekstra spreke. Måndag var me på ein flott tur på Utslettefjellet saman med fadrane. I dag har me gått 'rundt ' Vikanes. Der har me sett kor Samuel, Sara, Tobias, Lars, Julianne og Kristine bur. Det var ein fin, men litt lang tur. Foto Kristine Wiersen og Brita Flatøy
|
|
Torsdag 31.mars var 1. og 6. klasse på tur ilag. Me gjekk til "Raugaløo", der koste me oss med bål og pinnabrød. Det blei ein kjekk, men våt tur!
Tekst: Kari Myhre Foto: Kjell Byrknes |
Båtbygging
i 1.klassePublisert: Fredag 18.mars 2011 kl 11.00 1.klasse har laga seg båtar på sløyden. Dei har spikra, hamra og malt. Her kjem nokre bilete frå arbeidet og nokre som viser det endelege resultatet. Tekst & foto: Brita Flatøy
|
![]() Meir vinter Publisert: Onsdag 16.februar 2011 kl 18.00
Så var vinteren her igjen,
og når 1. og 2.klasse hadde uteskule siste halvdel av dagen i dag, kunne
me igjen leika i snøen. Men først måtte dei gjennom ei lita
orienteringsløype, med oppgåver der dei skulle stokka bokstavar rett for å
finna stadnamn på Stord. Dette klarte dei med glans, så det vart god tid
til leik og Tekst: Egil Petterteig Foto: Kristine Wiersen |
![]() Stasjonar i 1.klasse Publisert: Torsdag 27.januar 2011 kl 15.50 Kvar tysdag og torsdag vert 1.klasse delte i grupper og jobbar på ulike stasjonar. Her er nokre glimt frå stasjonsarbeidet torsdag. Elevane jobba med norskoppgåver på data, me hadde lesegruppe som las leseleksa og småbøker. Ei gruppe jobba med Løko, medan den siste gruppa leikte med bilar.Etter mat var det matematikk. Ein elev lurte på om det var nødvendig å kunna rekna når ein vart vaksen. Det var mange som kunne forklara kor viktig det var i ulike jobbar. Nokre av bileta viser elevar som reknar. Tekst og foto: Brita Flatøy |
|
Onsdag var det endeleg så bra føre at me våga oss ut på tur. Denne gongen var det leik, bålbrenning og lappekakesteiking/eting som var dei viktigaste aktivitetane. Me var på parkeringsplassen der stien opp til Utslettefjellet startar. Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig |
|
Elevane i 1. og 2.klasse koste seg i snøen i dag. Det er ikkje vanskeleg å finne bratte akebakkar og fine leikeplassar når me er ute og leikar i området rundt skulen vår Tekst & foto: Brita Flatøy |
![]() Konstruktiv leiketid i 1. og 2.klasse Publisert: Fredag 7.januar 2011 kl 14.20 Det var mykje bygging med ulike materialar under leiketida vår i dag. Techno, lego og flate klossar er populært og kjekt :-) Tekst & foto: Egil Petterteig |
![]()
Bålkos Lærarane på småskulen
overraska elevane med bål og varm solbærsaft i dag tidleg. Me hadde ei
koseleg stund med julesong og leik i skogen. Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg
|
|
Luciatog Publisert: Tysdag 14.desember 2010 kl 11.00 På Sagvåg skule er det tradisjon at 1.klasse går i tog rundt til dei andre klassane på skulen og syng Luciasongen for dei. 1.klassingane gjekk så fint og stilt rundt på skulen og song, og i alle klassane me kom sat elevane heilt stille medan me song og delte ut pepparkaker. Tekst & foto: Brita Flatøy |
Julekos!Publisert: Torsdag 9.desember 2010 kl 12.30 Sjette og førsteklasse har hatt det veldig kjekt i dag. Dei laga først ting av perler. Dei har og laga korger og lenker. Graut og saft smakte godt etter den første arbeidsøkta. Det var til og med to mandlar i grauten! Dei heldige vinnarane fekk ein sjokolade kvar. Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
Onsdagstur
for 1. og 2.klasse.Publisert: Torsdag 9.desember 2010 kl 12.30
I dag var det så fint rundt skulen vår, at me leika her i staden for å gå
på tur. Mange av elevane akte, nokre leika seg og prøvde å laga snømann,
andre brukte bilane i snøen. Dei aller ivrigaste hjelpte Egil med å saga
ved som med skal bruka når me skal brenna bål til neste år. Tekst & foto:
Brita Flatøy |
![]()
Kroppen I 1.klasse har me hatt om kroppen. Her teiknar elevane kvarandre og set namn på kroppsdelane. Auge og øyre er jo lett, men kor er eigentleg leggen?
Tekst og foto: Brita Flatøy |
![]() Haustsamling Publisert: Fredag 8.oktober 2010 kl 20:30
I dag har småskulen hatt ei fin samling i amfiet. Me har
leseveker på skulen og temaet for samlinga var bøker. 4.klasse framførte
sjølvlaga dikt og bokmeldingar, og dei andre klassane tok del med vakker
song og diktlesing.
Tekst: Anne Brit Foto: Liljan og Elisabeth |
![]() |
|
Varm eplekake med is
I dag var 1.klassingane heldige som fekk koma på besøk til fadrane. Dei
var på kjøkkenet og hadde laga god eplekake. Her er nokre bilete frå
'selskapet'. Tekst & foto: Brita Flatøy |
![]() |
![]()
1.klasse på tur til
Nysæterbanen På onsdag var 1.klasse på Nysæterbanen og spelt fotball og leikt. Det er ein flott plass å vera. To av klassane som hadde vore på biblioteket, kom og ned på banen, så me var ein heil gjeng som koste oss i det fine veret. Tekst & foto: Brita Flatøy |
![]() |
|
Bamsen Gero Publisert: Fredag 17.september 2010 kl 15:30 I dag fekk Comenius-bamsen, Gero, vera med på 1. og 2. klasse si leikestund. Det var stas!
Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg |
|
|
|
1. og 2. klasse hadde seg
ein liten trimtur i dag. Då sprang eller gjekk dei ned
Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg |
|
Frukt
og grønsakerPublisert: Tysdag 14.september 2010 kl 18:15
I 1.klasse har me lært om
frukt og grønsaker. I dag var det tid for å laga fruktsalat. Elevane kutta
frukta i småbitar, og etterpå sat me og koste oss på skulekjøkkenet. Tekst og foto: Brita Flatøy |
|
|
På tur Publisert: Onsdag 8.september 2010 kl 17:50 I dag har 1. og 2. klasse vore på tur. Det var mange som jobba hardt med å fella tre og rydda ein betre plas i skogen. Andre synest det var kjekkast å bruka kniv, medan ein heil gjeng var opptekne med å byggja bru over bekken i skogen. Ein flott dag med kjekke elevar.
|
|
Matbok
til alle Publisert: Onsdag 8.september 2010 kl 17:50 Tysdag var
alle elevane i 1.klasse så heldige at dei fekk kvar si kokebok med heim.
Reknar med at det vert laga mange gode nistepakkar etter at foreldra har
lese og sett på dei fine bilda i boka. Bilete: Kristine Wiersen Tekst: Brita Flatøy |
|
Treet mitt Publisert: Måndag 6.september 2010 kl 19:00 I dag har 1.klasse vore i skogen og funne 'treet sitt' . Dette treet vil me følgja gjennom dei ulike årstidene. Treet vårt er ei lønn. Etterpå gjekk me i formingssalen. Der laga me eit tre som passar til songen Leaves are falling. Bilete: Kristine Wiersen Tekst: Brita Flatøy
|
|
|
|
Småskulen var også på tur Medan storskuleelevane var på skogstur var småskuleelevane ved stranda Tekst: Lars Bakka |
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
|
Kven vert fadderen min?
I dag var det førskuledag. Det er alltid
like spanande når elevene endeleg skal få møte fadrane sine frå 5.klasse Tekst & foto: Lars Bakka |
|
|
|
Barnehage
+ Skule=SANT! I dag tok Queensway, Brita Flatøy og rektor imot elevane som skal ta til i første klasse til hausten. Nokre av elevane hadde også med seg vener frå barnehagen sin. Det er Nysæter/Litlabø barnehage og Sagvåg maritime barnehage som er våre prosjektsamarbeidspartnarar. Brita las for elevane, me teikna og til slutt leika me ute og inne. Tekst & foto: Lars Bakka |