1.klasse (sag09)  2 0 0 9/10  

     Tilbakeblikk

SFO  |   1.klasse(sag09)  |     2.klasse(sag08)   |     3.klasse (sag07)    |     4.klasse(sag06)     |     5.klasse(sag05)     |     6.klasse(sag04)    |   7.klasse(sag03) Tilbakeblikk 

Kontaktlærar>>

            pdf/blomar07.pdf
Matematikk       Norsk        
 

Ut på tur med bål på hjul!
Publisert: Torsdag 4.mars 2010 kl 08:00

I dag har første og andre klasse vore på tur saman. Me hadde ved med oss på ei trillebår, så me hadde bål til å steika pinnebrød på. Ungane kosa seg i den djupe snøen, og det vart laga mykje fint. Ein kjekk tur med kjekke elevar :-)
 

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Egil Petterteig


Dyreparken i Sagvåg
Fredag 19.februar 2010 kl 10:00 

Denne veka har 1. klasse laga dyremasker. Vart dei ikkje fine?

Tekst & foto: Jenny Skjønberg


(Klikk for å sjå større versjon)

Treet vårt
Onsdag 10.februar 2010 kl 13:15

I dag var første klasse på tur i skogen for å sjå på treet vårt. Det såg kaldt ut å vera tre og stå heilt i ro i kulden. Godt at me kunne springa og leika for å halda varmen. Det var mykje kjekt å finna på sjølv om turen ikkje var så lang. 

Tekst & foto: Egil Petterteig



 

Skeisedag på Storavatnet!

I dag var heile småskulen på tur til Storavatnet. Nokon gjekk på skeiser medan andre gjekk på ski. Sola skinte og både ungar og vaksne storkoste seg. Fleire bilete>>

Tekst & Foto: Ann Karin Ystevik


   

Kjekk siste time
Publisert: Fredag 8.januar 2010 kl 13.40

Siste timen i dag hadde elevane i 1. og 2.klasse leikeval. Sjølv om det var kaldt, var det fleire elevar som ville vera ute. Nokon akte medan andre leika i snøen. Alle såg ut til å ha det kjekt!

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 

Leik i snøen
Publisert: Onsdag 6.januar 2010 kl 20:30

I dag har elevane i 1.klasse laga ein flott akebakke på skule vår.

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


 

Lucia og nissar
Publisert: Fredag 11.desember kl 10:30

I dag var det tradisjonell adventsamling igjen. For elevane i 1.klasse starta dagen med å gå Lucia til alle klassane. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Morgonstund med bålkos
Publisert:
Tysdag 8.desember kl 12:00

Første klasse fann eit bål i adventskalenderen i dag, så me gjekk rett ut i skogen til bål og varm kakao. Kjekt med adventskalender med ei overrasking kvar dag, og meir kjekt er i vente framover mot juleferien....... Fleire bilete>>

Tekst og foto: Egil Petterteig

 

 

Til Raugaløo
Publisert: Torsdag 5.november kl 17:00

Heile småskulen var i dag på tur i lag. Me gjekk ikkje så langt, berre til parkeringsplassen ved Raugaløo, men me hadde det kjekt likevel. Alle hadde med ved, så me hadde bål og steikte pinnabrød. Ellers leika me 30-leiken, og fann på mykje anna kjekt. Litt kaldt var det, men det gjorde ingenting.

Tekst & foto : Egil Petterteig



Treet vårt
Publisert: Torsdag 22.oktober kl 13:40

I dag har første klasse vore ute og sett på treet vårt. Det er ei lita fin ask rett nede i vegen. Når me fann treet kunne me sjå på blada at det var ei ask, men kvar var alle blada no? Me skal fylgja treet i nokre år, så me håpar det veks godt.  Her er også ein liten film>>

Tekst & foto: Egil Petterteig



 


Kongen og Harlekin
Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15

Småskulen har hatt ei kjempeflott konsert/teateroppleving i dag. Det var Ingrid Eriksen Hagen på Cembalo, og  Tore Kloster og Olav Veierød på song. Det var veldig kjekt å sjå på når Harlekin prøvde å få tak i gullfløyta til kongen. Musikarane var veldig flinke å få elevane med seg, og dei var veldig glade for at me hadde øvd så godt på den songen me skulle synga i lag.  Fleire bilete>>

Tekst & foto: Egil Petterteig


Haustsamling i Amfiet for 1.-4.klasse
Publisert: Torsdag 1.oktober kl 12:55

I dag har elevane på småskulen hatt framføring av songar, dans og dikt som dei har øvd på dei siste vekene. Det var ei kjekk samling. Elevane viste seg frå si beste side både når dei sjølv opptredde og ikkje minst var dei eit fantastisk publikum. Fleire bilete>>

 

Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig & Kari Almås

 

Norsk, matematikk og naturfag
 Publisert: Måndag 21.september kl 14:50

I dag har me jobba med bokstaven A i norsk, geometriske former i matematikk, og vore ute for å finna raunebær som me har laga fine hjarte av. Me har hatt det kjekt med studentane, og jammen har me lært noko og :-)  Fleire bilete>>, og her er ein liten film>>

Tekst og foto: Egil Petterteig

 



Tur til Utslettefjellet
 Publisert: Onsdag 16.september kl 17:30

I dag var 1. og 6. klasse på tur til Utslettefjellet. Véret var skiftande, men vi hadde stort sett opphald. Elevane var nøgde med utsikten, og alle ville visa huset sitt. Etter ein litt våt matpause byrja turen nedover igjen. Det virka som om alle elevane kosa seg, og det var ingen alvorlige knall og fall:)

Tekst og foto: Ole Johannes Stople

     

 

 

 
 

1.klasse til 'Raugaløo'
Publisert: Onsdag 26.august kl 14:50

Første klasse var på tur til "Raugaløo" i dag. Litt ormagras og ei steinrøys var nok til å underhalda oss ei god stund. Gode bjørnebær var det og, så turen var fin :-)

Tekst & foto: Egil Petterteig


1.klasse på Fronter
Publisert: Fredag  21.august kl 10:30

Før den første skuleveka var over er 1.klasse i full gang med tekstskaping på Fronter. I dag fekk elevane god hjelp av fadrane i 6.klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka, Egil Petterteig

Fadrane er heltane
Publisert: Torsdag  20.august kl 16:10

Første skuledag fekk 1. klasse besøk av fadrane sine. Me hadde ei leikestund inne, der fadderborna fekk bestemma kva dei ville leika med. Etterpå gjekk me ut saman. Me hadde ei kjekk stund både store og små. 

Tekst og foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


Endeleg!
Publisert: Måndag 17.august kl 16:30

Endeleg kom den store dagen. Dei 21 elevane i 1.klasse vart ynskja vel møtt til første time av kontaktlærarane Jenny Sætre Skjønberg, Egil Petterteig, og sjølvaste ordføraren i Stord, Liv Kari Eskeland. Etter velkomsttale frå ordføraren gjekk turen til samling for heile skulen i amfiet. (Sjå under)

Tekst & foto: Lars Bakka

 


 

Nye lærarar!
Publisert : Onsdag 25.mars 2009 kl 15:00

Det kunne sjå ut som om det var ein gjeng med nye lærarar som kom til Sagvåg skule i dag, men eigentleg var det dei elevane som skal ta til på første steget til hausten som var på besøk på skulen. Her her får elevane testa stolane på pauserommet til lærarane! Fleire bilete>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Astrid Flatøy Bakka og Lars Bakka