Trykk her og gjer Sagvåg skule til startside 

  Kontakt | Arbeidsplanar |  Heimekontor  | Utleige av skulen | KalenderRombruksplan | Skulebiblioteket  

 

SFO

1.KLASSE 2.KLASSE 3.KLASSE 4.KLASSE 5.KLASSE 6.KLASSE 7.KLASSE Tilbakeblikk

SØK

                         Søk i skulebiblioteker  |  Wikipedia |   Store norske leksikon  |  Google | Kvasir junior        

     
 


Ommøblering
Publisert: Tysdag 9.mars 2010 kl 17:25

I dag tidleg kom 6.klasse til eit heilt 'nytt' klasserom. Måndag ettermiddag hadde Hildegunn og Anne Elisabeth ommøblert heile klasserommet. No har elevane arbeidsplassar inne i heimebasen og utanfor. Når det er undervisning møtes sjølvsagt alle i heimebasen.

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

 
 
   Kva skjer?    Elevrådet    Soling    Famely R Us    Her finn du oss!  
       


 

   

 

 


 


Elevundersøking for 5.-6.og 7.kl i v10

LOGG PÅ:
>>Elevundersøkinga

 
  Om skulen vår
.
  Fagsider

  Mest brukt:


Siste nytt 2.mars-10
17.maikomitéen>>

     
   

 

Morgonstemning
Publisert: Fredag 5.mars 2010 kl 08:15

Det er framleis fint vinterstemning på Sagvåg skule. No tidleg i mars har me  soloppgang klokka åtte. Også i dag måtte elevane vassa i nysnø på veg til skulen.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Ut på tur med bål på hjul!
Publisert: Torsdag 4.mars 2010 kl 08:00

I dag har første og andre klasse vore på tur saman. Me hadde ved med oss på ei trillebår, så me hadde bål til å steika pinnebrød på. Ungane kosa seg i den djupe snøen, og det vart laga mykje fint. Ein kjekk tur med kjekke elevar :-)
Fleire bilete>>

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Egil Petterteig

 

Comenius-maskoten vår.
Publisert: Onsdag 3.mars 2010 kl 13:00

Her ser du elevar frå 4., 5. og 6. klasse saman med Comenius-maskoten vår. Han vart fødd i veke 8, og  snart skal han reisa til Birmingham i England heilt åleine. Seinare skal han reisa til skuleelevar i Spania, Irland, Belgia og Tyskland. Han kjem altså til å bli ein svært reisevant kar!

Tekst og foto: Toril S. Bruket 

Å skapa tekst til bilete er ikkje alltid like enkelt.....,
 
- endå til om ein har teke bileta sjølv!
Publisert: Tysdag 2.mars 2010 kl 12:45

Det fekk 5. klasse erfara i dag, då fotograf Øyvind Hjelmen leverte attende bileta elevane har teke med eingongskamera dei fekk utlevert nokre veker før vinterferien. Alle elevane fekk då kvar sitt eingongskamera og i oppgåve å ta bilete frå "si verd". Etterpå vart alle kamera levert inn og så plukka fotograf Øyvind Hjelmen ut tre bilete frå kvart kamera, som han framkalla og som elevane skulle skriva tekst til. Desse bileta skal publiserast med tekst, og gje eit innblikk i korleis ein 5. klassing si verd er. Nokre var nok litt overraska over kva bilete han hadde plukka ut, og dei fekk sett at ulike bilete kan fortelja ganske mykje. Dette er 2. året fotograf Øyvind Hjelmen gjennomfører prosjektet "Mi verd" for alle 5. klassingane på Stord. Det ferdige resultatet kan de sjå om nokre veker på skulen.

Tekst og foto: Hildegunn Heimro

 

Endeleg skule igjen!
Måndag 1.mars 2010 kl 08:30

Etter ei veke med vinterferie er me i gang med skule igjen. Ekstra kjekk start på skuleveka er det alltid for 2.klasse som har symjeundervisning i den første timen på måndagane. Elles var det 3.- og 5.klasse som hadde symjing i dag.

Symjeplanen for våren 2010 finn du her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Bruer og andre byggverk, vaflar og kjekke ungar !
Fredag 19.februar 2010 kl 10:00 

3 klasse har hatt tema bruer og andre byggverk . Me har laga ulike byggverk, og sett korleis me kan gjera konstruksjonane stabile, etterpå vart det servert vaflar til kjekke og arbeidsame ungar :-)
Fleire bilete

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

 

 

Brevvenner i England

 Fredag 19.februar 2010 kl 11:30 

 

I samband med Comeniusprosjektet som Sagvåg skule er med i, har 4.klasse vore så heldige at dei har fått brevvenner i Birmingham i England. Denne veka har me fått nytt brev frå Forestdale Primary School. Brevet, eller pakken, frå England var stort og inni fann me både brev som elevane hadde skrive på norsk, bilete av elevane og glimt frå ein vanleg skuledag.

Visste de at Birmingham er kjend for sjokoladefabrikken sin? Fint for oss. Me fekk mange sjokoladar som me koste oss med siste dagen før vinterferien.

Her er nokre bilete av breva me fekk frå England. Andre bilete viser 4.klassingane som skriv brev på engelsk og et sjokolade.

Det vart mange spørsmål om kva ting heiter og korleis me skriv på engelsk.

No er breva klare og skal sendast til England.

Fleire bilete>>

Tekst og foto: Brita Flatøy

 

Dyreparken i Sagvåg
Fredag 19.februar 2010 kl 10:00 

Denne veka har 1. klasse laga dyremasker. Vart dei ikkje fine?
Alle maskene

Tekst & foto: Jenny Skjønberg

 

Grand Prix 2010
Onsdag 17.februar 2010 kl 12:45 (Oppdatert torsdag 18.02.2010)

Det var mange flinke aktørar med på Grand Prix onsdag 17. februar. Publikum sette stor pris på det dei fekk sjå og høyra.
Det vart konkurrert i fire ulike klassar. I klassen for instrumental vann Kristoffer frå 7. klasse. Han spela gitar.
I open klasse vann Jørgen Å, Marius, Jørgen D og Kjartan med sketsjen: Første skuledag.

Klasse song vann Hilde, Silje og Anna Henriette frå 6. klasse. Klassen dans vart vunnen av heile 7. klasse. Dei  imponerte og sjarmerte oss alle. Me har hatt ein kjekk dag med mange fornøgde elevar.
 Fleire bilete
 Tilbakeblikk på tidlegare Melodi Grand Prix-arrangemang

Foto: Jørgen Å og Kari Almås     Tekst: Kari Almås 

Nytt frå elevrådet
Fredag 19.februar 2010 kl 10:00 

Her finn du referat frå det siste møtet i elevrådet>>

 

17.mai-møte
Onsdag 17.februar 2010 kl 21:50

I dag var alle foreldra i 6. og 7.klasse inviterte til møte om 17.mai. Det er desse to klassane som har ansvaret for 17.maifeiringa ved Sagvåg skule.

frå 6.klasse var 9 elevar representerte med foreldre, medan 8 elevar var representerte i 7.klasse.


17.maikomitéen>>

Tekst & foto: Snefrid Vikanes

 

Verdsrommet
Torsdag 11.februar 2010 kl 18:00

4.klasse har arbeidd med verdsrommet. Me har laga modell av solsystemet. Mange kan namna på planetane og kvar dei ligg i forhold til sola. Elevane var flinke å samarbeida. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Annbjørg Luggene

 

4.klasse
Torsdag 11.februar 2010 kl 11:40

I dag var snøen kjempegod til å laga snømenn av. 4.klasse laga nokre flotte figurar utafor personalrommet slik at dei vaksne skulle ha noko fint å sjå på.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Laila Magnussen  

Fastelavnris i stor stil!
Torsdag 11.februar 2010 kl 11:40

På SFO gjekk det med liv og lyst då me laga fastelavnris. Resultatet vart imponerande! Fleire bilete>>

Tekst & foto: Laila Magnussen

 

Treet vårt
Onsdag 10.februar 2010 kl 13:15

I dag var første klasse på tur i skogen for å sjå på treet vårt. Det såg kaldt ut å vera tre og stå heilt i ro i kulden. Godt at me kunne springa og leika for å halda varmen. Det var mykje kjekt å finna på sjølv om turen ikkje var så lang. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Egil Petterteig 

Vel framme i Spania
Publisert: Måndag 8.februar kl 12:30

Her kjem ei lita helsing frå Toril, Anne Britt og Hildegunn som representerer Sagvåg skule i Spania i desse dagar. Lærarane er på skulebesøk i samband med prosjektet 'Famely R Us'. Dette biletet er henta frå Gaudi parke måndag føremiddag.

Tekst: Lars Bakka 

Lærarane på kurs
Publisert: Fredag 5.februar kl 10:30

I dag er alle lærarane ved Sagvåg skule på ulikekurs. Nokre av oss er på kurs med Håvard Tjora frå Blanke Ark

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Endeleg kantinedrift igjen
Publisert: Onsdag 3.februar kl 21:00

I dag var me i gang med elevkantina igjen. Heilt fram til sommarferien kjem Åshild, Hedvig, Tonje, Jørgen, Anna Henriette og Anna  til å servera smørelunsj kvar onsdag. Meir om elevkantina>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Kanonball
Publisert: Onsdag 3.februar kl 19:00

I dag spelte 6. klasse kanonball ute i snøen. Me leika også Hauk og due. Kjekt med litt leik i staden for tur. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Gymnastikk ute onsdag 3.januar
Publisert: Onsdag 3.februar kl 13:33

Ingen problem med bordtenniskurs for 7.klasse i gymnastikksalen når det så flott å vera ute. 4.klassingane koste seg ute med aking, flaskeløp og byggjing i snøen. Fleire bilete>>

Foto: Laila Magnussen / Brita Flatøy Tekst: Brita Flatøy 

Fantastisk kjekk gymtime :-)
Publisert: Onsdag 3.februar kl 13:33

I dag nytta me oss av ein fantastisk flott vinterdag. Ungane har bl.a. aka, lagt snøenglar, snøhuler og hopp. Det var stor iver blandt ungane, og dei storkosa seg. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage 

Full fart i SFO
Publisert: Tysdag 2.februar 2010 kl 17:30

Full fart på SFO i dag også. Borna kosa seg både i akebakken og i sklia. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen 

Brannsløkking i 6.klasse
Publisert: Måndag 1.februar 2010 kl 16:30

I dag fekk 6. prøve å slokke brann med pulverapparat. Ei nyttig erfaring som me håper at me ikkje får bruk for. Fleire bilete i testalbumet>> eller  på nettsida til 6.klasse>> 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Sagvåg skule 29/1-10 kl 11:45-12:15
Publisert: Tordag 28.januar 2010 kl 14:00

Her er nokre bilete frå ein heilt vanleg halvtime på Sagvåg skule ein fredags ettermiddag. Me tek ofte bilete når det skjer noko spesielt, men me har også kvardagar på skulen vår, og som det ser var det mange elevar som arbeidde flittig sjølv om det gjekk mot helg!
Me testar også ut ei ny biletvisningsprogram. Sjå bileta på ein ny måte her>>

Her kan du sjå bileta på 'gamlemåten'>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

"Eg er ein glad og vill ballong!"
 
Publisert: Tordag 28.januar 2010 kl 14:00

I 2.klasse har me lenge øvd på ein song om ballongar. I dag fekk elevane prøva å syngja og dansa med ekte ballongar. Det var jammen kjekt! Fleire bilete>>

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 

Kreative 7.klassingar
 
Publisert: Onsdag 27.januar 2010 kl 13:30

Ved hjelp av Cernit lagar elevane i 7.klasse flotte dokker. Du finn fleire bilete på nettsida til 7.klasse>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Klar for kantinedrift
 
Publisert: Onsdag 27.januar 2010 kl 10:50

Onsdag 3.februar vert første servering i elevkantina denne våren. Det er Anna V, Anna Henriette, Hedvig, Åshild, Jørgen Å og Tonje som er ansvarlege for kantinedrifta. (Anna Heriette var ikkje på skulen då me tok biletet.) Elevar som ikkje har meldt seg på orninga kan framleis gjere det. Les meir>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Gutar med bart og skjegg i 2.klasse!
 
Publisert: Fredag 22.januar 2010 kl 13:00

I dag har 2. klassingane hatt kunst & handverk, der dei skulle laga klippe- og limebilete. Dei sette i gong med arbeidet, klipte til trær og blomar. Etter at nokre figurar var limt fast på arket, var det nokre av gutane som såg  kva anna desse klippa kunne nyttast til, til bart og skjegg.

Tekst & foto: Signhild Dyngen

 

Inn i varmen?
Publisert: Torsdag 21.januar 2010 kl 10:00

Denne anda stod og hakka på vindauga i SFO i dag tidleg. Ho ville kanskje inn for å varma seg i det kalde veret?
Då dei tilsette i SFO inviterte anda inn, svikta motet og ho stakk av ! ;-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen

 

3.klasse studerer veret
Publisert: Torsdag 21.januar 2010 kl 18:00

I 3 klasse arbeider me med veret og me sjekkar temperatur, vindstyrke og nedbør kvar dag. Me studerer også skyene og ser om me har "haug-, fjør eller uvêrsskyer" på himmelen. I dag har me laga vindmøller, men lite vind gjorde at me ikkje fekk testa dei heilt ut. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Britt Holm

 

Akedag på Sætre.
Publisert: Onsdag 20.januar 2010 kl 14:30

I dag har 3.og 4.klasse hatt ein kjekk utedag. Elevane suste avgarde ned bakken på akebrett, kjelkar og bossekker. Alle elevane fekk pølse i brød og mange sat lenge og koste seg med kakaoen eller mjølka og nista.

Me er svært glade for at me får lov til å vera i denne flotte bakken. Fleire bilete på sidene til 3.>> og 4.klasse>>

Tekst: Brita Flatøy Foto: Fleire fotografar

 

Godt samarbeid med bordtennisklubben
Publisert: Onsdag 20.januar 2010 kl 10:15

Kvar veke får elevar ved Sagvåg skule bordtennistrening etter skuletid. I tilleg har Stord bordtennisklubb i fire veker hatt introduksjonskurs for elevane frå 4. til 7.klasse i skuletida. Her er det 5.klasse som får instruksjon av Håvard Markhus.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Snøby
Publisert: Fredag 15.januar 2010 kl 12:00

Etter at 5. klasse har jobba med teikning av hus, målestokk , utskjering og samansetjing , er me no endeleg ferdige med husa våre. Utstillinga står i "Stokksund", og for tida har me snø både ute og inne, berre sjå på bileta. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

Skeisedag på Storavatnet!
Publisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 15:30

I dag var heile småskulen på tur til Storavatnet. Nokon gjekk på skeiser medan andre gjekk på ski. Sola skinte og både ungar og vaksne storkoste seg. Fleire bilete>>

Tekst & Foto: Ann Karin Ystevik

 

Isslott
Publisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 14:50

Elevane i 3 klasse har laga isskulpturar som dei har fått ulike fargar på, ved å frysa vatn blanda med farge.

Dei frosne skulpturane vart til flotte isslott. Stor iver og innsats ! Fleire bilete>>

Tekst:  Gro A Halvorsen  Foto: Anne Brit Holm

 

Utedag i fint vintervêr
Publisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 12:30

Det var stor aktivitet då elevane på mellomsteget var på tur til Dalebakkane. Det var nydeleg ver og føret ga kjempefart i bakken. Me koste oss med pølser, sjokolade og varm drikke. Fleire bilete på sidene til 5.kl>>, 6.kl>> og 7.kl>>

Tekst:  Anne Elisabeth Trevland  Foto: Anne Elisabeth Trevland & Aasne Vikanes

 

Is-skulpturar
Publisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 12:30

Første klasse har laga is-skulpturar. Me fraus is i ballongar, mjølkekartongar og eingongshanskar. Når dei var frosne, sette me dei saman til eit fint kunstverk utanfor vindauga i klasserommet vår. Ekstra fint vart det med lys i, morgonen etter.
 Fleire bilete>>

Tekst & foto: Egil Petterteig & Jenny Sætre Skjønberg

 

Møte i elevrådet
Publisert: Tysdag 12.januar 2010 kl 19:30

I dag har det vore møte i elevrådet. Her finn du referatet frå møtet>>

Tekst: Lars Bakka  Foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Ikkje Bambi på isen her nei......
Publisert: Fredag 8.januar 2010 kl 14.12

I storslått vintervêr med kulde og sol, var mellomsteget i dag på Storavatnet og skeisa. Litt knudrete is og ein del snø, men det sette ikkje ein stoppar for skeisegleda. Ein flott dag :-)   Fleire bilete>>

Tekst: Hildegunn Heimro  Foto: Mange av elevane

 

Kjekk siste time
Publisert: Fredag 8.januar 2010 kl 13.40

Siste timen i dag hadde elevane i 1. og 2.klasse leikeval. Sjølv om det var kaldt, var det fleire elevar som ville vera ute. Nokon akte medan andre leika i snøen. Alle såg ut til å ha det kjekt! Fleire bilete på sidene til 1.klasse>> og 2.klasse>>

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 


Større bilete

Kjekt på vår eigen is!
Publisert: Torsdag 7.januar 2010 kl 13:00

Det var stor aktivitet på isbanen vår i pausane i dag.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Isbane på Sagvåg skule
Publisert: Torsdag 7.januar 2010 kl 08:00

I går laga me ein liten isbane på hellene ved flagstonga. Dette er ikkje ein skeisebane, men det kan vere kjekt å leige og skli på skoa. Så lenge det ikkje er skeisebane vert det ikkje påbod med hjelm, men det er fint om du har.
Dei næraste dagane vert det også skeisetur på Storavatnet for mange klassar. De vil få melding frå læraren i din klassa kva som gjeld med tanke på bruk av hjelm når me går på skeiser.  (Det kan variere frå storskule til småskule...)

Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Almås

 

Leik i snøen
Publisert: Onsdag 6.januar 2010 kl 20:30

I dag har elevane i 1.klasse laga ein flott akebakke på skule vår. Fleire bilete>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

Is og snø
Publisert: Tysdag 5.januar 2010 kl 12:00

Medan klatreveggen er dekt av is og ganske ubrukeleg, er ander leikeapparat dobbelt så kjekke i snø! Rutsjebanen går fantastisk fort! Fleire bilete frå midtpausen i dag>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

På skulen etter skuletid
Publisert: Måndag 4.januar 2010 kl 14:00

Det er mange elevar som nyttar høvet til å få gjort unna ein del lekser rette etter skuletid. Fleire av elevane gjer lekser etter skuletid fleire dagar i veka.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Fint vintervêr
Publisert: Måndag 4.januar 2010 kl 14:00

Den første skuledagen 2010 ver det nysnø og på SFO var elevane i full sving i akebakken rett etter skuletid.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


G o d t   n y t t å r!
 frå oss ved Sagvåg skule!

Sjå tilbake på hausten 2009>>
Første skuledag 2010 er måndag 4.januar. SFO er open frå kl 06:45
Det er 2.kl, 4.kl og 6.klasse som skal ha symjing 4.januar>>

 

Fleire oppslag frå nettsida vår hausten 2009>>