Planleggingsdagar i Amsterdam
I veke 45 var heile kollegiet ved Rommetveit skule i Amsterdam. Føremålet med ein slik tur var fleirdelt. Røynsle tilseier at kreativiteten blir større dersom ein får avstand til daglege gjeremål og arbeidsstad. I tillegg kan ein slik tur vera eit godt høve til å vedlikehalda og skapa nye sosiale relasjonar mellom dei tilsette ved skulen. Av den grunn var også assistetane og vaskarane ved skulen med.
Tema for planleggingsdagane var todelt:
Sosial kompetanse:
Menneske er eit sosialt vesen og får den beste utviklinga saman med andre. Det er likevel ikkje automatikk i at alle fungerer godt saman. Sjølvhevding, kjenslehandtering, konfliktløysing er sentrale omgrep i so måte. Evna til å forholda seg til andre i ulike sosiale situasjonar er grunnlaget for god læring og utvikling. Dette er, og har vore satsingsområde ved vår skule, og deler av tida i Amsterdam vart brukt til å diskutera ulike opplegg og leggja planar for korleis vi kan vedlikehalda og betra den sosiale kompetansen blant elevane ved Rommetveit. Vel attende til skulen vil arbeidet bli sluttført og opplegg og tiltak sette i verk. Heimen spelar naturlegvis ei viktig rolle her, og vi kjem difor attende med informasjon både til elevar og føresette.
Arkitektur og design
Målet med å læra om arkitektur er at elevane skal bli meir medvitne sine omgjevnader, og at dei i tillegg til å meine at eit bygg er stygt eller pent, kan seia noko om kvifor dei meiner det.
I Amsterdam hadde me tre ulike grupper som hadde i oppgåve å ta bilete av:
Bileta skal me laga PP-presentasjonar av og nytta dei i undervisninga