| Endra: 15. november 2007 | |
| SOSIAL ÅRSPLAN | |
|
Denne plana legg klassestyraren saman med klassekontaktane og evt. alle foreldra på det første klasseforeldremøtet om hausten. FAU lagar seg eit årshjul!! Dette er innarbeidde rutinar på skulen vår: · Foreldra er med på dei første skuledagane i 1.klasse, evt. i 2.klasse. · Klasseforeldremøta vert haldne eit om hausten ( veke 38) og eit om våren (før veke 13) · Det skal vera minst to samtalar med heimen pr. år. (Eit om hausten og eit om våren) · Talet på sosiale samkome varierer frå klasse til klasse – alt etter kva foreldra har lyst til, og vert einige om. · 17.mai-toget er klassekontaktane sitt ansvar. · 7.klasse har leirskulemøte. Dei skal og iflg. Rusmiddelplana ha eige opplegg om ANT. · 7.klasse har alltid vist avslutningsprogrammet sitt for foreldra. · Grillkvelden rett før sommarferien er ei felles avslutning for heile skulen. Denne er FAU sitt ansvar – i lag med oss! Val av klassekontaktar: Det skal veljast 2 klassekontaktar og vara for 1., 2., 4. og 6.klasse. Ein vel nye repr. om våren, før veke 13. Ein av klassekontaktane (m/vara) skal vera med i FAU, den andre pleier å ta seg meir av arbeidet i klassen, praktiske gjeremål etc… Det er ein nokså vanleg praksis å la varafolk ”rykka opp” til klassekontaktar etter ein periode, men dette er ingen regel. |
|