Ny timeplan for 1-4 klasse.

I samband med at 1-4 klasse har fått utvida skuletida frå skulestart 08 blir slutt-tidene litt annaleis enn før. For 5.-7. klasse blir det inga endring. Dei nye tidene blir slik:

1.-4.klasse                                                                       5.-7.klasse

Mandag:     kl.13.05                                               13.05

Tysdag       kl 11.40                                               11.40

Onsdag      kl 13.50                                                13.50

Torsdag     kl 13.35 (endring)                                         13.50

Fredag       kl 13.50 (endring)                                 13.50

 

..Ikkje rart at sola skin.

1.skuledag betyr samling i gymsalen, underhaldning av 6.klasse, tale av rektor og mykje forventning. Fleire bilete>>

 

Skulestart 08

Onsdag 13.august er oppstart av nytt skuleår.

2.-7. årssteget møter kl.08.15 og 1.årssteget møter kl.10.00. Samlingsstunda i gymsalen blir kl.10.15. SFO opnar kl.06.45.

Rektor og tilsette ynskjer vel møtt til eit triveleg år.

Første skuledagen min...

Det er alltid stor spenning knytta til første skuledag. Fredag 28.mars kom første pulje til Rommetveit der dei vart teken mot av rektor, lærarar og elevar i første klasse. Litt skremmande, men mest kjekt får vi tru.

Skulestart

FØRSTE SKULEDAG VED ROMMETVEIT SKULE

Offisiell opning av skuleåret 2007/2008 var i gymsalen.

Me hadde eit tradisjonelt program;

  • velkommen til skuleåret ved rektor

  • ·alle song ”Du har noko ingen andre har”

  • elevinnslag ved 6. årssteg (fadrane)

  • lærarar/assistentar song ” Fyrste skuledagen min” og  ”Bind deg ein blomekrans”

  • Presentasjon av nye ansikter: Helge Hammersland – inspektør,

  • Tove Havro – lærar, Anette T. Landa – lærling

  • 1. årssteg fekk gåve av rektor

  • Alle song ”Herlege Stordøy”

Sjølv om det er ny inspektør og rektor ved skulen dette året, så ynskjer me å halda fram med gode tradisjonar. Me ynskjer eit godt samarbeid heim – skule!

Tekst og foto:Marit Kjelby

Klikk på bileta for å sjå stor versjon: