Adventstund 2.klasse
Tirsdag 1.desember hadde 2.klasse adventsstund i
gymsalen. Som forventa vart det ein vakker og stemningsfull forestilling med
mange flotte innslag.
Samlingsstund
Fredag 3.oktober var det samlingsstund i gymsalen. Denne gongen
var det 3.klasse som stod for programmet, og som vanleg var det høg kvalitet
både på song, dans og spel.
Skulestart 09
Mandag 17.august starta skulen etter
ein lang sommrferie. Forventninga var som vanleg stor både blant elevane,
foreldra og lærarane. Som vanleg var det opning i gymsalen der nye elevar og
lærarar vart presenterte. Og jammen dukka ikkje ordføraren opp med
spesialhelsing til alle 1.klassingane. Det var populært.
Sommaravslutning
7.klasse hadde som seg hør og bør
ansvaret for siste samlingsstund i år. Og det vart ei flott forestilling med
mykje god song,spel dans og drama. Ungdomsskulen kan berre byrja å gle seg.
Konsert med 8F
Fredag 6.juni hadde Rommetveit skule
besøk av Lærarar og elevar i 8F ved Stord ungdomsskule. Dei viste eit sjølvlaga
program der tema var "Ny på ungdomsskulen". Takk til både elevane og læararane
for ei triveleg stund.
Vårleg samlingsstund med 6.klasse
Fredag var det 6.klasse sin
tur til å ha samlingsstund. Men først var det samling for foreldra
Samlingsstund med fjellvett.
Siste dag før påske hadde 5.klasse samlingsstund. Mykje song, spel og dans var øvd inn for høvet, og i fokus stod påske og fjellvettreglane. Mykje godt arbeid var lagt ned av både elevar og lærarar og resultatet vart svært bra.
Samlingsstund 3.klasse
Torsdag 23.oktober var det samlingsstund i gymsalen med SN-dagen 24.oktober som hovudtema. Imponerande av 3.klasse.
Heavykatten
Onsdag 22.oktober var det duka for ny forestilling med Heavykatten på Rommetveit. Roald Kaldestad med vener heldt eit forrykande show med heavymusikk og digitale effektar til stor glede for både store og små. Vi håpar på snarleg gjensyn.
Skuleavslutning 08
Fredag 20.juni var siste skuledag med samlingsstund i gymsalen. 7.klasse underheldt med song, musikk, dans og moteshow til stor glede for alle.
Samlingsstund for 6.klasse
Onsdag 30.november hadde 6.klasse samlingsstund i gymsalen.
Samlingsstund for 5.klasse - Grieg
Siste dag før påskeferien var det 5.klasse sin tur til å ha samlingsstund. Med tema Grieg klarte dei å skapa ein flott forestilling der vi blei kjende både med Grieg sitt liv og musikken hans. God hjelp hadde dei hatt av studentane, og ei fin forestilling vart det.
Rikskonsert "Tomlane opp"
Reine Hallelujastemningen var det i gymsalen på Rommetveit då Rikskonsertane var på vitjing mandag 25.februar. Ein særs spennande og inspirerande konsert av Per Jørgensen, Frank Jacobsen og Thomas Dahl. Stor applaus både til musikarar og publikum
Samlingsstund med 1.klasse.
Framfor eit lydhøyrt publikum viste 1.klasse at dei kunne både syngja, dansa og spela. Mykje øving låg bak, og det bar også resultatet preg av.
Adventstund 2007
Det var lett å bli imponert over adventsstunda i gymsalen 30.november
Samlingsstund ved Rommetveit skule
25. mai,2007
"BLI-KJENT-dagar"
Torsdag og fredag sist veke kom dei nye elevane på besøk for å bli
kjent på skulen. I alt 33 nye skuleelevar møttest i Gymsalen der fadrane (neste
års 6. trinn) underheldt før me hadde presentasjon av lærarane, gruppeinndeling
og litt songleikar.
Etterpå gjekk gruppene til undervisningsromma dei skal vera i neste år og hadde
ymse oppgåver.
Her er bilete frå nokre av aktivitetane.
10. mai,2007
ARION BESØK OG GRIEG - JUBILEUM
Onsdag hadde skulen besøk av ein ARION-delegasjon. Arion er eit program for skuleleiarar i heile Europa og dei 14 gjestene har besøkt kommunane i Sunnhordland og mange skular. Hos oss var dei spesielt interessert i uteundervisning og 2. og 5. trinnet hadde laga eit flott opplegg med matematikkundervisning ute. Etter lunsj meed fiskesuppe fekk dei vera med på skulekonserten der me fekk høyra den elektroniske musikken 6.trinnet har arbeidd med siste veka. Musikken tek utgangspunkt i Morgonstemning (lydar i heimen) og Grieg sitt orkesterstykke Morgenstemning. Det vart ein heilt spesiell konsert og både elevar og gjestene var imponserte.
MARKERING AV FN-DAGEN
FN-dagen, 24. oktober, vart markert på Rommetveit skule med ei feiande flott samlingsstund som elevane på 3. trinnnet stod for.
Dei hadde sett saman eit variert program og imponerte oss alle. Med utgangspunkt i FN sine barnerettar viste elevane oss alt frå sjølvkomponert dans, dramatiseering og leik. Og ikkje minst fekk me døme på entusiastisk korsang med internasjonalt innhald. Elevane utførte alt med stort engasjement og gav heile skulen ei flott stund der underhaldning vart kombinert med ein viktig bodskap til ettertanke.
ELEVRÅDET SI SAMLINGSSTUND 13.okt.06
I oktober var det Elevrådet som hade ansvaret for samlingsstunda der det aller viktigaste var å presentera seg sjølv og arbeidet sitt. Presentasjonen skjedde gjennom ein flott "ræpp" og deretter fortalde leiaren om arbeidet. Ho la vekt på at hovedfokus er å hindra mobbing og ba alle elevar vera med på det. Å sei frå om plaging og mobbing er ikkje å fisla !
Deretter presenterte dei fokusområda som skulen har dette året. I oktober er det trafikk og rektor understreka som avslutning kor viktig det no i hasutmørke er at me er synlege i trafikken med rekleks, at syklane er i orden og har gode lys, og at syklistane SKAL bruka hjelm og elles køyra omsynsfullt.
Innimellom song heile salen Den gyldne regel og Morgendagens sysken.
Ei flott stund som me takkar Elevrådet for og me ynskjer dei lukke til med viktig arbeid for skulemiljøet.
SAMLINGSSTUND MED 6AB
Siste skuledag før påske var det 6. trinnet sin tur til å ha Samlingsstund. Dei framførde ei flott forteljing om gjøglarane som fekk byen til å le. Flotte kostymar, danseinnslag og song fekk både landsbyen og alle i salen i godt humør. Elevane hadde og samling kvelden før for foreldre og søsken.
Me takkar elevane for ei triveleg stund i Gymsalen , og ønskjer alle ein velfortent påskeferie.
SAMLINGSSTUND MED 5AB
Fredag 17. februar hadde 5A og 5B felles samlingsstund. Programmet handla om
ting dei hadde hatt om i skuleåret så langt. Song og musikk dominerte programmet
ofte i kombinasjon med dansar. Her var alt frå jenka, troika, swing og
gamaldans til rapping og streetdance.
Ekstra kjekt var alle dei sjølvkomponerte talekora. Me takkar alle elevane for
ei flott stund.
SAMLINGSSTUND 1A og 1B
Onsdag 25. januar hadde 1A og 1B Samlingsstund for heile skulen. Alle var storleg imponerte av dei minste elevane våre som framførte nesten all tekst på engelsk rundt temaet dyr. Dei var og utruleg scenevante og sjarmerte stor og små i salen.