Grand Prix 10
Grand Prix ved Rommetveit har vist ein fin kvalitetsmessig stigning dei siste åra, og fredag 19.februar vart vi vitne til eit heidundrande show med mange flotte innslag. Berre synd at ikkje alle kunne vinna. 7b var klassen som stakk av med dei fleste prisane både i klassen miming og dans. I tillegg gjekk bandet frå 7b vidare til ei stormønstring på Heiane 24.juni. Der skal dei konkurrera mot dei andre skulane i Stord kommune. Prisen for beste song gjekk til 6b og beste sketsj til 4b

.
,

Grand Prix 09

Mange flotte og artige innslag ved årets Grand Prix.

Grand prix ved Rommetveit skule

GRAND PRIX 2008

Fredag 15.februar 2008 var det klart for årets store hending på Rommetveit - i alle høve viss vi skal tru Torbjørn i 7.klasse. I tillegg til elevar og lærarar var det som vanleg mange foreldre som hadde møtt opp for å vera med på festen. Og fest vart det. Mange imponerte både med sang, spel, dans og andre kunstariske innslag i form av sketsjar. Det vart ein spennande konkurranse med gode og verdige vinnarar. Men på ein slik dag er alle vinnarar; i slike samanhengar er det definitivt viktigast å delta

Vi kjem attende seinare med fleire bilete.

 

23. februar, 2007

GRAND PRIX 2007

Gymsalen på skulen var stappfull av elevar, tilsette og foreldre då Elevrådsleiar Marin kunne ønska velkomen til Rommetveit Gran Prix 2007. Dette er ein del av Elevrådet sitt ansvarsområde og skulen har vore full av løyndomar og alle slags øvingar dei siste vekene. Marin gav ordet vidare til dei to programleiarane Martha og Thomas som losa oss trygt gjennom dei 21 innslaga. Det ser ut til at song og musikk vert sterkare representert dei siste åra og mannge vil vel sei at høgdepunkta kom i desse klassane. Men dans, mime og sketsj var og ein god del av.
Som vanleg var det mykje gjøglarglede på scenen og publikum opplevde knapt eit dødpunkt.
I pausen engasjerte trommis Tarald heile flokken med rytmiske utfordringar og tromma så folk og bygg dissa. Takk til han. Og takk til heile elevflokken på skulen både på scenen og i salen.

 

24. februar, 2006

GRAND PRIX 2006

Nok ein gong var det mange imponerande innslag på Grand Prix-arrangementet fredag før vinterferien. Ekstra kjekt i år var at det var fleire innslag i klassen musikk og song. Er det noko som får opp klumpen i halsen og tårer i augo så er det nettopp når elevar stiller opp og viser seg sjølv og kva som bur i dei. Så er det og flott å registrera kreativitet og gjøglarglede til alle enten det er mime, dans eller sketsjar.

Juryen var to elevar og ein lærar, og medan dei hadde møte, underheldt elevane på 1.trinnet med vintersongar på norsk og engelsk.

Elevrådet står som arrangør for Grand Prix og med litt vaksenhjelp i kulissane gjekk det heile unna utan pausar og kjedelege stunder. Elevane står sjølve for programleiing, sceneteppe og orden på cd'ar og kassettar.

Og ikkje minst er det grunn til å berømma dei minste elevane som sat fjetra og konsentrerte om scenen i halvannan time.

Gratulera alle elevar ! Dette var flott !!!

 

19. februar, 2005

GRAND PRIX

På Den årlege storhendinga, Grand Prix på Rommetveit skule, vart avvikla fredag. I alt 13 innslag var påmeldt og spele- og gjøglargleda var uimotståeleg. Innslaga var oppdelt i kategoriane Mime, Dans, Sketsj, Song og Musikk.
Juryen vart sett saman av Malene og Thomas frå 5. trinnet, Irene frå lærarane og rektor i Kulturskulen, Åge Vallestad. Dei fekk ei vanskeleg oppgåve , men greidde til slutt å kåra vinnarane innan kvar disiplin som fekk eit Verdikort på kr 250 kr til klassen.
Eit ekstra klapp til deltakarane innan song og musikk !

 

 

13.04.04

Grand Prix

Fredag før påske arrangerte elevrådet den årlege Grand Prix-turneringa.

Det var mange kreative og forseggjorte innslag og stemninga var på topp.

Ei stor takk til Elevrådet for prikkfritt arrangement, og ekstra blom til programleiarane Ida og Torstein, teppeansvarlege Fredrik og Kjetil, musikkstyrar Jørund og jurymedlemmer Rolf Johan, Karoline og Bergfrid.

Bileta har me fått lånt av bladet Sunnhordland ved fotografen Steinar Rydland Svendsen. Ei stor takk til dei og.

[Klikk på bileta for å sjå stor versjon]