Fjelltur
Fredag 3.september var det fjelltur for heile Rommetveit skule. I strålande haustvèr inntok dei fjellheimen, og ryktene fortel om glade og nøgde elevar.

Bandrotasjon
Torsdag og fredag i veke 17 fekk 7.klasse vera med studentar frå HSH på "bandrotasjon". Ein heil dag fekk dei på seg til å spela gitar, trommer o.l. Ei kjekk oppleving skal vi tru elevane.


 

Matematikkdag
Torsdag 29.april hadde 1. og 2.klasse matematikkdag. Dei jobba på ulike stasjonar der dei fekk sjå korleis matematikk verkar i praksis. Det verka som alle koste seg, og vi trur dei lærte mykje.

Tekniske problem
Webredaksjonen har i lengre tid slitt med store datatekniske problem. Det er sterkt å beklaga då det går ut over oppdateringa av heimesida. Vi håpar at nye PC'ar vil løysa problema.

Kor er lavvoen blitt av?
I rein Balle Frost-stil har små og store finkjemma heile skuleområdet på jakt etter lavvoen vår. Den er ganske nye og vi treng han sårt. Dersom nokon veit eller trur dei veit noko, ver snill og ta kontakt.

Balle Frost og Leketøybanditten
Den fyrste musikalen har gått av stabelen på Rommetveit. To kveldar med fulle hus og stor stemning tydar på suksess. Stor honnør til elevar og vaksne på 5.-7.steget. Bilete kjem.

Mattedag
Onsdag 10. februar var det matematikk som stod i sentrum på Rommetveit. Elevane var både ute og inne og jobba med ulike problemstillingar knytta til matematikk. På innsatsen å dømma vart det ein særs vellukka dag.

Vil Vite på Hjul
Onsdag 11.november hadde Rommetveit besøk frå Vitensenteret i Bergen. Ein spennande og lærerik dag vart det for alle. Både dei minste og dei større elevane var einig i at dette burde gjentakast snarast.

Grillfest med mykje moro

Den årlege grillfesten gjekk føre seg i strålande sol på Rommetveit torsdag 11.juni. Mykje folk og mykje fin underhandling. Her var skulekorpset, shantyfantane, skulebandet, song av Mari og Reidun i 6b. Og jammen dukka det ikkje opp ein gammal kjenning i form av ein fransk auksjonarius.

 

Fairytale på Cello
Onsdag 10.juni fekk 1.-4.klasse besøk av Jarle Kristofersen frå kulturskulen. Han ville motivera elevane til å byrja spela cello og viste at det gjekk an å spela "Fairytale" også på Cello. Elevane song med av full hals.

Bli kjent-dag
Torsdag og fredag i veke 20 kom dei nye 1.klassingane til Rommetveit for å bli kjende med skulen og lærarane

Rikskonsert på walisisk
Torsdag 30.april var det besøk frå Rikskonsertane. Som vanleg har vore dei siste åra var kvaliteten vore særs høg både på musikarar og innhald. Den walisiske songaren og musikaren Ann Morgan Jones gav oss ei flott oppleving og innføring i walisisk språk og songkultur saman med Arild Seim (gitar) og Sigurd Ulveseth (bass). Etterpå fekk elevar og lærarar skryt for flott og entusiastisk publikum.

Gøy med vår
Når våren kjem tiltek uteaktiviteten ved Rommetveit. For mange er smashballen byta ut med hoppetauet. Og denne veka er det 4.klasse sin tur til å spela sjakk.Det er kjekt å sjå så mange nøgde elevar på ein gong.

Frå tre til ved
Det gamle klatretreet på Rommetveit har vore til glede for mange. Men like mange har vore usikre på om dette var trygt nok. No ligg det i alle fall trygt på bakken. Framleis kan elevane leika i treet, medan halvparten truleg blir til ved.

Sjakkturnering

Sjakkopplæringa er avslutta for i år og turneringa er unnagjort. Her er dei 5 beste deltakarane:

Nr.1    Nora Bongom Nr.2 Andreas Nr.3. Sander Nr.4 Jakob Nr.5 Trym

Les for livet

I veke 9 var det bokveke på Rommetveit.

Eit enormt arbeid vart lagt ned i vekene førut både når det gjaldt planlegging og tilrettelegging. Alle elevane vart delt inn i grupper på tvers av klassestega. Dei største leste for dei minste, noko som viste seg å vera svært vellukka. Då veka var slutt var det ballongslepp i gymsalen der kvar elev hadde sin ballong med påskrive namn på boka dei hadde lest. Fylte med helium steig ballongae til værs i gymsalen og la seg fint tilrette under taket. Ein særleg vellukka idé det óg. På avslutningsdagen var Liv Gjertrud Koløen tilstades for å uttrykkja begeistring for eit strålande prosjekt som lærarane ved Rommetveit så glimrande hadde sett i gang og avvikla.

Arbeid i grupper:

Alle elevane var inndelte i grupper der det foregjekk mykje lesing desse dagane.

Skeisemeisteskap

Den årlege skulemeisterskapen på skeiser for Sunnhordland gjekk føre seg på Vikahaugane onsdag 4.februar 09. Av dei mange deltakarane var det 56 elevar frå Rommetveit frå 4.-7.klasse.

Foto: Ingvild Østensen

 

Stor sjakk interesse

Interessa for sjakk har lenge vore stor ved Rommetveit. No har elevrådet gått til innkjøp av utesjakk-brikker. Fredag 19.september var det "offisiell opning" der læremeistar Ivar Bjordal hadde fått med seg mangeårig sjakkspelar og læremeistar frå Rogaland Magnus Monsen. Vår lokale sjakkmeistar - Robert (7A) fekk prøva seg mot stormeistaren. -Det vert ikkje lenge før Robert blir ein hard motstandar, skraut Magnus, som nytta høvet til å fortelja kor viktig sjakk er for utviklinga hos barn. Dette gjeld ikkje berre intellektuelt, men også sosialt.

Kulturell skulesekk

Onsdag 10.september 08 hadde vi besøk av "Den kulturelle skulesekken". Eit flott og spennande program med Solveig Molland, Hildegunn Pettersen og Trond Viggo Solås. Elevane fekk - som vanleg - skryt for å vera eit særs lydhøyrt og deltakande publikum

7a og 7b på strandtur

Onsdag 20.august var 7.klasse på strandtur. Vi hadde det veldig gøy, men vart litt våt.

Grillfest

Den etter kvart så tradisjonsrike grillfesten vart avvikla på Rommetveit skule torsdag 12.juni. Finveret kom attende, og det gjorde jammen mange elevar og foreldre óg.

 

Bilete frå idretts- og aktivitetsdagen 08

Idrettsdag 08

Tysdag 3.juni vert det idrettsdag på Rommetveit. Håpar veret blir fint.

Dei ulike aktivitetane:

Kanonball - 60m - Kule - Lengde u/fart - Stor ball - Handball - Hinderløype - Innebandy(utgår kanskje) - Natursti - Foto-orientering - Hesteskokasting - Ymse leikar - Skogsløype

 

TINESTAFETTEN

Stor suksess for Rommetveit i årets Tinestafett. 1.plass til 7b og 2.plass til 6.klasse.

Hipp-hipp for 17.mai.

Øving må til for å bli ein god tog-gåar. Og alle klassane stilte med fine heiarop. Hipp-hipp!