|
|
![]() |
INNFØRING AV
PROSJEKT IUP, gjennom ein prosess i åra 2007-2010 ved Langeland skule.
Eleven si læring er
mål nr. 1 på Langeland skule. Alle ungar skal ha medalje.
Langeland
skule sin visjon:
Våre
elevar opplever meistring og glede kvar dag.
Det
er rom for individuell læring i eitt sosialt fellesskap.
Langeland
skule er den fargerike barneskulen på Stord.
Ulikskap og variasjon er ein styrke hos oss.
Prosjekt
IUP ( individuelle utviklingsplanar for elevane) vert innført gjennom eit treårig
prosjekt.
Me
vil ha :
Konkrete,
tydelege og målbare mål for eleven.
Tydeleg
bilete av kor eleven står.
Tydeleg
for føresette.
Dokumentasjon.
Samanheng
for eleven gjennom skuleløpet.
Me er ein
skule for alle.
Når me er ferdige med prosessen vil elevane ha
mellom 4 og 6 timar i veka til IUP på timeplanen. Dette er timar som må
hentast frå dei faga det gjeld.
Ord
og uttrykk knytt til IUP:
Mentorsamtale
-
Regelbunden
samtale mellom elev og kontaktlærar
Stegark
-
Konkrete
mål og kriteriar for måloppnåing
Planleggingsbok
-
Her
skriv elevane sine mål som dei skal jobba mot.
Portefølje
-
Eleven
sin skryteperm ( best off )
FRAMDRIFT FOR
KVART HALVÅR:
Hausten
07:
Elevane
vil i framtida få individuelle planar i norsk, matematikk , engelsk
og
i sosial kompetanse.
Me
tek til med sosial IUP.
Fordi:
Det
er enklare å laga/ færre mål.
Meir
dialogbasert enn faga.
Øving
for lærarar, elevar og foreldre.
Aukar
elevane si erfaring i korleis dei jobbar.
Viktig
for oss å gjera erfaring med systemet.
Det
er ikkje knytt oppgåveark til sosiale stegark.
Ingen tek til før årsplanane er leverte 1.
september.
Tysdagstida
fram til kl.13.00 er til heim/skule-samarbeid for kontaktlærarane på
1.,3.,5.,6. og 7. trinn. Hovudfokus etter kl.13.00 er arbeid med oppgåveark i
norsk ( som er knytt til stegarka). Me skal omsetja til nynorsk og me skal
tilpassa oppgåvearka til våre bøker.
Dette fordi me tek til med stegark i norsk som første fag.
Me skal jamleg ha pedagogiske drøftingar i heile
personalet.
Kontaktlærarane
på 1., 3., 5., 6. og 7. trinn har ein mentorsamtale i veka med tre elevar kvar
gong ( i det som på timeplanen er kontaktlærartime). Dette er øving for
elevar og lærarar. Det vil gå ei tid mellom kvar mentorsamtale for eleven.
Kontaktlæraren skal denne hausten følgja opp elevane si sosiale utvikling,
trivsel og måloppnåing i høve til stegarka i sosial kompetanse.
Når
ein arbeider med sosial kompetanse vert det ikkje sett av tid på timeplanen for
elevane til arbeid med IUP.
Alt
arbeid med planbok etc. kan venta til etter studieturane. Me held fram med
portefolie som no.
Kontaktlærarane
på 2. og 4.trinn vert pilotprosjektdeltakarar
i prosjekt IUP. Frå 1. september tek dei til med mentorsamtalar med elevane
kvar 14.dag. Fram til studieturen 30 oktober jobbar dei med stegark i sosial
kompetanse.
Administrasjonen
skal syta for alt dei treng av utstyr til prosjektet og følgja dei i prosessen.
Om
tysdagane sluttar dei seg til resten av personalet den siste timen. Dei må vera
flittige innspelarar til korleis me andre utformer oppgåvearka.
Etter
1.november tek 2. og 4.trinn til med stegark i norsk etter kvart som dei er
klare til det.
Loggføring
i mentorsamtalen:
Administrasjonen
vil informera om korleis ein kan loggføra elektronisk.
Kontaktlærarane vel sjølv om dei vil loggføra
manuelt eller elektronisk fram til etter studieturane.
Våren
08:
I
januar 08 skal kontaktlærarane på 3.trinn (dei må no vera tre kontaktlærarar)
og 6.trinn på studietur. Dei tek no til med mentorsamtalar med elevane sine
kvar 14.dag.
Dei
tek til med stegark i norsk og med elektronisk loggføring straks dei er klare
til det.
Tysdagstida
nyttar me til arbeid med oppgåveark i matematikk. Lærarane på 1., 5. og
7.trinn har ei stor oppgåve med å få oppgåveark omsett og tilpassa.
Kontaktlærarane
på dei andre trinna sluttar seg til oss andre den siste timen kvar tysdag.
Faglege drøftingar om norsk og matematikk-faget må
me og finna tid til.
Deltakarane
i pilotprosjektet ; Kontaktlærarane på 2. og 5. trinn sett nå av 1-2 timar på
vekeplanen til elevane for arbeid med individuelle opplæringsplaner i norsk.
Dei
tek ikkje til med stegarka i matematikk før dei føler seg klare for det.
Hausten
08 og våren 09
Det
er nytt skuleår og alle dei lærarane som ikkje har vore på studietur skal no
reisa.
Er
det ønskjeleg og muleg kan dei kanskje ta Oslo-turen i juni-08.
Dette
skuleåret jobbar alle som er i gong med stegark i norsk og matematikk.
Dei
nye tek til med norsk og venter eit halvår før dei kan ta til med matematikk.
Her
gjeld det og ”ikkje ta seg vann over hovudet”.
Ha
alltid med litt mål om sosial kompetanse. Det er ein grunnleggjande dugleik i
skulen i dag.
Dette
skuleåret får me mindre tid til omsettjing og tilpassing av oppgåveark. Det
er no engelsk som står for tur, og skulen må saman ha fokus på dette faget
heile skuleåret.
Haust
09
Pilotdeltakarane
tek no inn alle faga (norsk, matematikk engelsk og sosial kompetanse) i timane
dei legg til rette for IUP. Det kan vera 4- 6 timar i veka i timeplanen.
Neste
gruppe er no inne med norsk, matematikk og sosial kompetanse, og sett av 2-3
timar til IUP.
Dei siste som kom i gong har inne norskfaget og
sosial kompetanse. Dei sett av 1-2 timar til IUP.
Vår
10
Fire trinn er no inne med alle faga, mens dei siste
no tek til med matematikkfaget og.
Haust
10
Det
er nytt skuleår.
Langeland
skule har innført individuelle opplæringsplanar for alle elevane på skulen.
Me
er i mål.
